Sport | 19. okt. 2019

– Skuffande å ikkje ta poeng i dag

Os fullt på høgde med serievinnar Vard Haugesund.

– Skuffande å ikkje ta poeng i dag
Os utlikna i 41. minutt, men klarte berre å skåra eitt mål på Kuventræ i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. okt. 2019 14:04

Bildeserie:

Vard pressa første ti minutta av dagens kamp. (Foto: KVB)
Vard pressa første ti minutta av dagens kamp. (Foto: KVB)
Haraldseid kjempa fram ein corner til Os. (Foto: KVB)
Haraldseid kjempa fram ein corner til Os. (Foto: KVB)
Lunde testa skotfoten. (Foto: KVB)
Lunde testa skotfoten. (Foto: KVB)
Kvittingen hjelpte til på midtbanen. (Foto: KVB)
Kvittingen hjelpte til på midtbanen. (Foto: KVB)
0-1 i 21. minutt. (Foto: KVB)
0-1 i 21. minutt. (Foto: KVB)
Denne gjekk i mål, men Dale si skåring blei annulert for offside. (Foto: KVB)
Denne gjekk i mål, men Dale si skåring blei annulert for offside. (Foto: KVB)
Mo tok frispark, hardt på keeper. (Foto: KVB)
Mo tok frispark, hardt på keeper. (Foto: KVB)
Corner og heading av Dale igjen. (Foto: KVB)
Corner og heading av Dale igjen. (Foto: KVB)
Ekeland tuppa ballen i mål. (Foto: KVB)
Ekeland tuppa ballen i mål. (Foto: KVB)
Jubel i 41. minutt. (Foto: KVB)
Jubel i 41. minutt. (Foto: KVB)
Gleda varte ito minutt, 1-2. (Foto: KVB)
Gleda varte ito minutt, 1-2. (Foto: KVB)
Haraldseid sitt skot i 2. omgang blei redda. (Foto: KVB)
Haraldseid sitt skot i 2. omgang blei redda. (Foto: KVB)
Det gjorde Mikkelsen si heading òg. (Foto: KVB)
Det gjorde Mikkelsen si heading òg. (Foto: KVB)
Bødtker fekk eit forsøk etter at han kom innpå. (Foto: KVB)
Bødtker fekk eit forsøk etter at han kom innpå. (Foto: KVB)
Men dette blei einaste mål i andre omgang. (Foto: KVB)
Men dette blei einaste mål i andre omgang. (Foto: KVB)
1 av 15

Os tok i dag imot serieleiar Vard Haugesund, som i dagens runde sikra opprykket.

I førre oppgjer vann Os 2-3 borte, dei einaste som har tatt poeng mot Vard i Haugesund. Også i dag var dei nær poeng.

Os styrte mykje av kampen, Vard skåra på tre overgangar i ein av dei betre heimekampane vi har sett av Os denne sesongen.

– Eg er nøgd med prestasjonane våre i dag. Vi skulle gjerne skapt fleire og større sjansar, men eg synest vi er på høgde med dei, og at vi dominerer mykje av banespelet, seier Os-trenar Endre Brenne.

Dette var sesongens siste heimeklamp for Os, neste helg avlsuttar dei sesonen borte mot Lysekloster.

Os - Vard Haugesund 1-3 (1-2)
Målskårar, Os: Roger B. Ekeland
Dagens Os-spelar: Marius H. Mikkelsen
Os: Chris Midtun - Anders Havsgård, Alexander Dale, Vegard S. Skeie, Andreas Støle-Hansen - Rune Mo, Marius Mikkelsen, Torgeir Lunde - Espen Haraldseid, Roger Ekeland og Sander Kvittingen.
Innbytarar med speletid: Stian Dyngeland, Steffen Kvamsdal, Harry Moore og Fabian Bødtker.

Gjestane pressa dei første ti minutta, men så overtok Os meir av banespelet, hadde to cornerar før 15 minutt var spelt, og Alexander Dale heada rett utanfor på ein av dei.

Kampen var prega av hissig ballgjenvinning og mange frispark, men få gule kort. Vard var offensive og raske, men Os blei med på notane og dei tøffe duellane.

Torgeir Lunde fekk lausna eit godt skot etter grundig forarbeid av Roger Ekeland, men skotet blei blokkert til nok ein corner. Rune Mo skaut eit frispark hardt, men på keeper, og ingen var med på returen.

Vard Haugesund gjekk opp i leiinga i 21. minutt, men vertane jobba vidare. I 41. minutt var det nok ein corner og nok ei heading av Dale. Ballen gjekk mot mål, men ville nok blitt klarert om ikkje Ekeland fekk tuppa den inn.

Men 1-1 varte ikkje lenge, på ei kontring med noko svak markering fekk Vard enkelt tatt leiinga igjen før pause. Forsvaret sto elles svært godt i dag, men missa litt på nokre av overgangane.

Vard pressa nokre minutt i starten av 2. omgang, og fekk seg ein corner, men så overtok Os spelet igjen. Espen Haraldseid fekk lausna skot og Roger Ekeland heada over før Vard fekk ein stor sjanse, som blei klarert til corner.

Kan klatra til 8. plass

Os fekk ikkje hol på byllen, i stadet kom Vard på nok ei kontring og auka til 1-3 i 83. minutt.

Os ligg no på 11. plass og rett over streken, men 10 poeng over Vestfossen før siste runde. Med siger over Lysekloster neste helg kan dei klatra til 8. plass.

• Terminliste og tabell på fotball.no

Andre resultat frå dagens runde i Norsk Tipping-serien:
Brann 2 - Vestfossen 5-1
Djerv 1919 - Fjøra 3-4
Fana - Fyllingsdalen 3-0
Sogndal 2 - Bergen Nord 4-0
Strømsgodset 2 - Lysekloster 1-1
Valdres - Stord 0-6

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.