Lokal | 10. feb. 2017

Skulane i framgang

Elevane i grunnskulane i Os gjer det stadig betre på dei nasjonale prøvene i lesing, rekning og engelsk.

Skulane i framgang
Elevane i grunnskulane i Os gjer det stadig betre på dei nasjonale prøvene (ill. KVB)
Andris Hamrefredag 10. feb. 2017 10:28

I tenesteutvalet neste veke får politikarane ei orientering om resultata på dei nasjonale prøvene. Svake resultat på desse var bakgrunnen for at politikarane i 2013 starta «Prosjekt Betre Læringsresultat BLR)» med eit fem til sju års perspektiv. No kan det sjå ut som om BLR er i ferd med å materialisera seg.

– I 5. trinn har vi eit resultat som nærmar seg Hordaland fylke og nasjonalt nivå. VI har ein klar framgang i kommunen, heiter det i saksutgreiinga til politikarane.

Nedanfor finn du resultata for kvart av dei tre trinna som blir målt med administrasjonen sine korte kommentarar. Tala i parentes er resultata frå i fjor.

5. trinn

– Generelt om resultatet på 5. trinn kan vi seie at: Vi gjer det betre enn i fjor i Engelsk, vi har ein liten betring når det gjeld lesing. Resultatet er marginalt betre enn i fjor i matematikk. Her ligg vi på landsgjennomsnittet.

Engelsk 5. trinn

– Vi har ein forbetring her i høve til i fjor. Færre elevar på mestringsnivå 1 og ein større gruppe på mestringsnivå 3. På Mestringsnivå 2 ligg vi på landsgjennomsnittet. Vi har framleis litt mange elevar på meistringsnivå 1 og litt for få på mestringsnivå 3. I år kan vi likevel sjå ein tydeleg betring.
Meistringsnivå 1 - 31,3 (40,6)
Meistringsnivå 2 - 49,5 (43,7)
Meistringsinvå 3 - 19,3 (15,7)

Lesing 5. trinn
– Ein framgang. Færre elevar på meistringsnivå 1. Vi nærmar oss nasjonalt nivå.
Meistringsnivå 1 - 31,3 (36,6)
Meistringsnivå 2 - 51,3 (45,7)
Meistringsnivå 3 - 17,5 (17,7)

Rekning 5. trinn
– I rekning nærmar vi oss nasjonalt nivå. Betring i høve til i fjor.
Meistringsnivå 1 - 25,9 (31,6)
Meistringsnivå 2 - 53,2 (47,3)
Meistringsnivå 3 - 20,9 (21,1)

8. trinn

Engelsk 8. trinn
– Vi gjer det opp mot nasjonalt nivå.
Meistringsnivå 1 - 9,4 (10,0)
Meistringsnivå 2 - 20,9 (20,9)
Meistringsnivå 3 - 42,7 (43,6)
Meistringsnivå 4 - 17,1 (15,0)
Meistringsnivå 5 - 9,8 (10,5)

Lesing 8. trinn
Mestringsnivå 1 - 13,0 (14,0)
Mestringsnivå 2 - 21,4 (23,1)
Mestringsnivå 3 - 42,0 (37,1)
Mestringsnivå 4 - 13,9 (18,6)
Mestringsnivå 5 - 9,7 (7,2)

Rekning 8. trinn
– Vi ligg omtrent som nasjonalt nivå
Meistringsnivå 1 - 6,8 (8,4)
Meistringsnivå 2 - 25,0 (23,6)
Meistringsnivå 3 - 38,1 (33,3)
Meistringsnivå 4 - 20,8 (22,2)
Meistringsnivå 5 - 9,3 (12,4)

9. trinn

– Vi løftar elevane frå 8. til 9. klasse slik vi skal. Resultat opp mot nasjonalt nivå.

Lesing 9. trinn
Meistringsnivå 1 - 5,8 (6,0)
Meistringsnivå 2 - 11,2 (13,7)
Meistringsnivå 3 - 39,0 (34,7)
Meistringsnivå 4 - 26,5 (25,0)
Meistringsnivå 5 - 17,5 (20,6)

Rekning 9. trinn
Meistringsnivå 1 - 2,2 (6,9)
Meistringsnivå 2 - 18,4 (11,7)
Meistringsnivå 3 - 30,0 (35,6)
Meistringsnivå 4 - 25,6 (27,1)
Meistringsnivå 5 - 23,8 (18,6)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.