Lokal | 16. okt. 2013

Skulane skal løftast

Os kommune har mål om å koma opp på minst nasjonalt nivå når det gjeld læring, læringsmiljø og trivsel blant lærarar og foresette.

Skulane skal løftast
Knut Vidar Garlid og Signe Christensen presenterte "Prosjekt Betre læringsresultat 2013-2020" for tenesteutvalet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 16. okt. 2013 13:25

I mai 2011 vedtok kommunestyret kvalitetsplanen for oppvekst og kultur. Som ei følgje av den ba politikarane om at det blei starta eit prosjekt med mål om å betre læringsresultata i skulene i samband med budsjetthandsaminga i desember 2012. Inititativet kom etter at kommunen sine resultat på dei nasjonale målingane i høve lesing, rekning og engelsk på 5., 8. og 10. trinnet var dårlegare enn det nasjonale snittet. I tillegg var ikkje resultata frå den nasjonale elevundersøkinga tilfredsstillande.

Onsdag presenterte Knut Vidar Garlid og nytilsett skulefagleg rådgjevar, Signe Christensen, planen for å betra skuleresultata fram mot 2020.

– Veldig mykje av dette er midt i det vi held på med i skulen heile tida, og eindel av tiltaka ser vi for oss å kunne gjera innan dei rammene vi har i dag.

– Men det er veldig viktig å presisera at prosjektet har eit langsiktig perspektiv på 5 til 7 år. Skal vi, til dømes gjera ei systematisk kompetanseheving, så får det konsekvensar for budsjetta, forklarte Garlid.

Forskningsbasert strategi

Prosjektet har vore drive fram av ei tverrfagleg prosjekt- og styringsgruppe, kor mellomanna Eirik André Hesthamar (Frp) og Helge Olav Nygard (Krf) har vore med som politiske representantar.

– Vi har i arbeidet prøvd å støtta oss til forskninga, og kva den seier om kva som virkar og ikkje virkar.

– Gruppa har lagt ein overordna strategi kor vi fokuserar på tre områder, forklarte Garlid.

Dei tre områda er:

  • Styrking av læraren - fagleg og i rolla som klasseleiar
  • Styrking av kvalitetsvurderinga
  • Fokusera innsatsen på prioriterte område; Læringsmiljø/klasseleiing, Heim-Skule samarbeid, Grunnleggjande ferdigheiter innan lesing og rekning, Leiing.

Lærar og forelder viktig for eleven si læring

Under kvart av desse områda lista gruppa opp ei rekkje konkrete tiltak ein ønskjer å ta tak i.

– All forskning syner at læraren er den viktigaste faktoren.

– Det er læraren som kan gje eleven oppleving av meistring og tryggleik. Relasjonsbygginga lærar/elev, kor eleven opplever at læraren vil deira beste er kjempeviktig, påpeika Christensen.

– Det kan godt vera at det er lærarane som må endra seg og ikkje elevane, om klassemiljøet ikkje fungerar.

– Eit anna sentralt moment er foreldra. Der sit vi med ei uforløyst ressurs.

Ventar på regjeringa

Eitt av dei konkrete tiltaka gruppa ser for seg er kompetanseheving hjå lærarane knytt til klasseleiing, lese- og skriveopplæring og rekning.

– Vi har vore i dialog med høgskulen for å laga eit eiga opplegg for vidareutdanning for lærarane.

– For å utdanna to grupper à 20 lærarar kostar det kommunen total 3 millionar kroner inkludert vikarar og liknande.

– Når vi i prioriteringa til budsjettkonferansen ikkje har vald å legga dette inn i prioriteringslista så skyldast det dei signal som har kome frå den nye regjeringa som tiltrer i dag.

– Dei har sagt dei vil koma med ei nasjonal satsing på kompetanseheving i skulen. Vi vil avventa til innhaldet i denne satsinga er klar, forklarte Knut Vidar Garlid.

Prioriteringane frå prosjektgruppa skal diskuterast politisk på budsjettkonferansen i byrjinga av november og fram mot budsjettvedtaket i kommunestyret i desember.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.