Lokal | 10. nov. 2014

Skulda på ein kollega

Det blei ekstra dyrt for mannen som prøvde å sno seg unna etter å ha blitt tatt i fotoboks på Halhjemsvegen.

Skulda på ein kollega
Ein lastebil blei målt i 77 km/t i 70-sona av denne ATK-boksen, men eigar nekta for å ha kjørt. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 10. nov. 2014 09:05

I desember i fjor blei lastebilen hans målt til 77 km/t i 70-sona på Halhjemsvegen retning Os.

Forelegget på 1900 kroner blei sendt til eigar, men kom i retur.

Eigar av selskapet som eig bilen, ein osing i 40-åra, nekta for å ha sete bak rattet og skulda på ein av dei tilsette. Men også vedkomande sendte forelegget tilbake og nekta for å ha kjørt bilen.

Bileigar blei kjent igjen på bildet av ein politibetjent på Os lensmannskontor og det blei tatt ut tiltalte.

Tiltalte møtte ikkje i retten, som kjørte saka likevel, og som ikkje var i tvil om at det var tiltalte som hadde kjørt bilen.

Dermed blei det, i tillegg til 1900 kroner i forelegg, 3000 kroner i sakskostnadar å betala.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.