Sport | 02. juli 2009

Skule gav meirsmak

Den nye fotballskulen på Nore Neset har gjeve meirsmak på fleire måtar.

Skule gav meirsmak
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. juli 2009 13:29

Bildeserie:

1 av 5

- Dette har vore kjekt! Frå før spelar vi handball, men frå hausten av trur eg at vi også kjem til å trena fotball, seier tvillingsøstrene Katarina og Amalie Haukås.

Dei to hadde i dag sin siste av fire dagar på Umbro Fotballskule på Nore Neset. Idrettslaget er i år ny som fotballskule-arrangør, og har hatt 77 ungar frå 8 til 12 år på banen.

- Vi trudde på førehand at vi hadde ein kapasitet på 100, men eg trur at mellom 80 og 90 er passeleg, seier Jan Frode Skeie.

Leik og lærdom
I Os kommune har det i år vore fotballskular hos fire idrettslag, Os, Søre Neset, Søfteland og på Nore Neset. Denne form for aktivitetstilbod dei første vekene etter at skuleferien starta har vore populært både blant fotballspelarar og andre som kanskje vurderer å byrja å spela fotball.

- Vi har prøvd å få fotballskulen vår til å bli noko meir enn ei vanleg fotballtrening. Gruppa har vore delt i tre, med stasjon for fotballtrening, merketaking og alternativ trening.

Holme fekk opp farten
Blant det alternative har det vore kurs i koordinasjon, løpsteknikk og ernæring.

- Her var Torleif Holme, som har mange år bak seg som fotballtrenar, vore heilt unik. For det første hadde han teknikktrening som veldig mange hadde nytte av. Vi tok fartstest på ungane før og etter, og mange betra tida si ganske mykje etter at dei fekk tips om korleis dei skal springa, fortel Skeie.

Etter kurset kjem også nokre foreldre til å få beskjed om at ungane har ein løpsstil som på sikt kan vera skadeleg for ryggen.

- Rett teknikk betyr mykje, ikkje berre for fart og fotball, men for helsa.

Holme sto også for ein svært barnevenleg informasjon om kva som er bra å eta og drikka om du vil bli som Messi.

- Trampett var også eit populært alternativt tilbod, Nils Petter Pedersen har nokre av ungane på trening frå før, og fleire blir det nok no, trur Jan Frode.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.