Skule i haustferien?
Både handballen og fotballen arrangerer skule i ferien, som startar måndag 5. oktober. Responsen har vore god.


- Vi har seks på venteliste og har søkt om å få utvida med fleire plassar, seier leiar i Os Turn handball, Andris Hamre.
Gjensidige Handballskule går over heile landet og blei første gong arrangert i Os i 2007. Då hadde Os 40 plassar, i år har dei fått utvida til 50.
- I fjor blei hallen lakka, så då måtte vi stå over. I år fekk vi raskt påmelding frå 50, og no har vi altså yttarlegare seks som håpar på å få plass.
Handballskulen er for både heilt nye og for øvde handballspelarar, frå 6 til 13 år. Dei to gruppene får 2 x 1,5 time med handball frå måndag til onsdag, med varm lunsj mellom øktene.
Ei veke med fotball
Os Turn Fotball tilbyr fotballskule for første gong i år. Skulen går frå måndag til fredag for nye og meir rutinerte spelarar mellom 8 og 14 år.
- Vi har fått inn 45 påmeldingar, men har plass til minst 150, seier A-lagstrenar Frank Hellevik.
Hellevik er sjølv instruktør på fotballskulen, saman med A-lagsspelarar og damelagsspelarar.
- Vi kjører teknikktrening frå 10 til 11.30, ein time med lunsj, quiz og andre oppgåver før vi avsluttar med halvannan time med spel i små grupper.
Rema 1000 er sponsor for fotballskulen, og sponsar ballar og lunsj. Dolly Dimples kjem med pizza til avsluttingsfesten.
- I tillegg får vi besøk av Brann-spelarar fredag, og kanskje ein av dagane tidlegare i veka, fortel Frank.