Sandra Kristin Austgulen vil gjera skulefrukost til ei nasjonal satsing (pressebilete)

Skulefrukost aukar lærelysta

Lesarinnlegg: Sandra Kristin Austgulen (Ap) vil ha ei nasjonal satsing på skulefrukost.

Av: Andris Hamre

Det viktigaste for Arbeidarpartiet er å gje alle elevar ein sjanse til å lukkast i skulen. Forsking viser at sunn skulemat kan bidra til auka lærelyst og til å skapa meir trivsel i skulen. Skulefrukosten på Os vgs og Fusa vgs er gode eksempel på noko me treng meir av. Her i Hordaland har Arbeidarpartiet løyva 4 millionar kroner til skulefrukost, men me treng ein nasjonal satsing. 

Arbeidarpartiet går no til val på at skulane skal kunne tilby eit sunt måltid kvar dag til elevane. Helsedirektoratet har peikt på skulemat som viktig for elevane sin læring, og ikkje minst som ein moglegheit til å bidra til sunne matvaner. 

Dei fleste samanliknbare land har i dag ein eller anna form for skulemat. Dette må me også kunne ta oss råd til i Noreg. 

Sjansen for at born og unge frå lavinntektsfamiliar skal droppe ut av skulen er mykje større enn dei som har foreldre med høg inntekt og lang utdanning. Dei same borna er også meir utsette for overvekt og livsstilssjukdommar. Me må bruke skulen som ein arena for å gje alle born ein moglegheit til å lukkas, uavhengig av kva heim dei kjem frå. 

Sandra Kristin Austgulen
Kommunestyrerepresentant
Arbeiderpartiet

Fleire saker