Lokal | 15. des. 2011

Skulestart med smell i

Video: Kjemishow med smell gav elevane på ungdomsskulen ein vekkar på morgonen.

Andris Hamretorsdag 15. des. 2011 10:27

Os ungdomsskule er ei av få skuler som er plukka ut i eit prosjekt frå VilVite-senteret kor formålet er å få opp interessa for naturvitenskap. Som del av prosjektet får skulen eit klassesett med utstyr for å nytte i elektronikkundervisning.

- Vi er utruleg glade for at vi blei trekt ut og at folka frå VilVite skal nytta ein heil dag saman med oss, fortel rektor Kåre Lutro.

Fengja elevane

Som ein liten ekstra spiss på det heile hadde Ina Walde og Cathrine Eliassen Vikre frå senteret tatt med seg laboratoriet til gymsalen på barneskulen for å gje ungdomsskuleelvane ein time med annerleis kjemiundervisning.

- Kjemishowet er noko vi har halde på med frå før VilVite blei eige senter.

- Vi håpar det kan vera med på å gjera elevane litt meir nyskjerrige på kjemi og naturvitenskap, forklarar Ina Walde.

At dei to klarte å fange elevane si interresse er det liten tvil om. Det var nok mang ein lærar som skulle ønskt at merksemda var like stor når dei sto bak kateteret i klasserommet. Her fekk elevane stifta kjennskap til flytane nitrogen, hydrogen og andre kjemiske reaksjonar.

Sjå video frå showet nederst i artikkelen. (4.27 Foto: Andris Hamre).

Løgndetektor

Frå gymsalen på barneskulen gjekk turen vidare til naturfagsromma på skulen kor to av 10. klassane var trekt ut til å få opplæring i bruk av gåva frå VilVite.

- No skal dei få testa seg litt i elektronikkens verd.

- Mellomanna skal vi byggja ein løgndetektor, avslutta Cathrine Eliassen Vikre.

På slutten av dagen er det lærarane sin tur til å ta det nye utstyret i bruk, då dei får ei opplæring frå dei to. Utstyret er støtta frå Sparebankstiftinga DnBNor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.