Sport | 28. apr. 2010

Skummel finale

Lysekloster leia 4-1 og på 4-4 var det eit frispark som avgjorde finalen i TBWL.

Skummel finale
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. apr. 2010 21:09

I kveld blei finalen i Tornado Bergen Winter League spelt mellom Lysekloster, som er ny i 6. divisjon, og Arna Bjørnar 2, som spelar i 5. divisjon.

Lysekloster leia 4-1, sleppte motstandarane til så det blei 4-4, men vann til slutt 5-4.

- Dette blei veldig spennande, no er eg glad vi ikkje rota det vekk, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal på veg i garderoben.

Morten Sætre skåra 2, Morten Buvik 1 og Frode Wold skåra på to direkte frispark frå 30-40 meter, det siste var den avgjerande 5-4-skåringa.

Grunna divisjonsforskjell starta Lysekloster med straffe, som dei skåra på. Arna Bjørnar sitt andrelag utlikna, men Lysekloster hadde meir på lur. Til pause sto det 4-1 til Lysekloster, som gjorde det veldig spennande før Wold til slutt avgjorde.

Lysekloster vann også førre seriekamp 5-4, over Olsvik laurdag som var. Dermed står dei med full pott etter to serierundar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.