Skyt kvalifisering til landsskytterstemnet
Fire osingar er teke ut til samlagsskyting under Vestlandsstemnet. Kan bli tatt ut til Landsskytterstemnet.
Dei fire undommane Gaute Eide Bergstø, Maren Evensen, Daniel Myklebust Fjellstad og Sofie Evensen er tatt ut på dei to laga som skal skyte samlagsskyting under Vestlandsstemnet neste helg. Med det utgjer dei femti prosent av dei to laga.
Gaute Eide Bergstø og Maren Evensen skyt på førstelaget, medan Daniel Myklebust Fjellstad og Sofie Evensen er på andrelaget.
– Eg blei litt overraska då eg fekk beskjeden i stad. Eg hadde ikke tenkt på at eg var aktuell, seier Myklebust Fjellstad som tidlegare i vår blei samlagsmeister.
– Eg gler meg
Medan Myklebust Fjellstad og Bergstø er litt forsiktige på eigne vegne, så er Maren Evensen klar på målsettinga.
– Målet er å koma på samlaget på Landsskytterstemnet. Eg berre gler meg til vi skal skyta på Vestlandsstemnet, strålar ho, som har ligge jamnt på 347-348 på stemna i vår.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.