Lokal | 28. juni 2019

– Slåande like dei som vart funnen i Langedalen på Os

Det er ikkje berre i Os at det vert funnen oljefat dumpa i naturen.

– Slåande like dei som vart funnen i Langedalen på Os
Same fat, men i Fana. Det er ikkje berre i Os at nokon nyttar naturen til å dumpa oljefat. (Foto: privat)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 28. juni 2019 09:34

Bildeserie:

Desse fata dukka opp på Gimmeland, på veg mot Bontveit i Fana. (Foto: privat)
Desse fata dukka opp på Gimmeland, på veg mot Bontveit i Fana. (Foto: privat)
– Kva stod det her? (Foto: privat)
– Kva stod det her? (Foto: privat)
– Eller her? (Foto: privat)
– Eller her? (Foto: privat)
Oljefat på Gimmeland. (Foto: privat)
Oljefat på Gimmeland. (Foto: privat)
Kan dette seia noko om kven som er «avsendar»? (Foto: privat)
Kan dette seia noko om kven som er «avsendar»? (Foto: privat)
1 av 5
Desse fata dukka opp på Gimmeland, på veg mot Bontveit i Fana. (Foto: privat)
– Kva stod det her? (Foto: privat)
– Eller her? (Foto: privat)
Oljefat på Gimmeland. (Foto: privat)
Kan dette seia noko om kven som er «avsendar»? (Foto: privat)

I går kunne vi melda om at det hadde dukka opp tre 200 liters oljefat i ein bekk i Langedalen.

Arne Monsen ved Os brannvesen kunne ikkje seia noko om oljefata var tomme då dei vart dumpa, eller om det hadde gått olje i grunnen òg.

– I det eine fatet var det ein del olje i, noko som såg ut til å vera spillolje, og det er ein del oljelukt i området, sa Monsen då.

Same fata på Gimmeland

Like etter at saka vart publisert vart Midtsiden kontakta av Clement Moldestad frå Moldestad Fjellsprenging AS.

Han kunne fortelja at same type fat, med same logo, nyleg hadde dukka opp på Gimmeland på veg mot Bontveit i Fana.

– Desse fata vart funnen dumpa i langsmed ein skogsveg. Då eg las saka i Midtsiden såg eg at fata her på Gimmeland er slåande like dei som dukka opp i Langedalen.

Moldestad vil ikkje spekulera i kva som ligg bak denne kreative løysinga når det gjeld å kvitta seg med oljefat, men han trur svaret ligg lokalt.

– Nokon har i alle høve nytta seg av olje frå fat merka «Mobil» før dei berre dumpa fata i naturen.

Moldestad fortel at grunneigar på Gimmeland prøvde å melda saka til politiet, men fekk til svar at dei ikkje kom til å gjera noko i saka.

– Skogsvegen er no låst av, avsluttar Moldestad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.