Lokal | 30. okt. 2019

Sladding, hærverk og oljesøl

Mann filma ungdom som herja i pickup, pilot varsla om oljesøl i fjorden.

Sladding, hærverk og oljesøl
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. okt. 2019 08:42

Tysdag fekk politiet melding frå ein person i Lysefjorden som fortalte om mykje sladding i bil på ein ubrukt veg.

– Det skal vera i starten på Drangsvegen, truleg den delen som ikkje lenger er i bruk for normal trafikk. Meldar har òg kontakta Statens vegvesen for å få dei til å blokkera vegen heilt, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det skal ha vore snakk om fleire køyretøy med unge bilførarar, på dagtid og kveld. Då meldar filma dei, gav dei seg og køyrde frå staden.

Hærverk og tjuveri frå hage

Tysdag formiddag fekk politiet melding om tjuveri og hærverk frå eit nabolag vest for Os sentrum.

– Huseigar fortel om stolen utelampe, stolen blomsterpotte og velta bosspann med boss som låg utover vegen.

Patruljen har vore påstaden, og forholdet er meldt.

Sjekka oljesøl ved Skorpo

Klokka 14.38 i går blei politiet varsla av ein pilot. Han hadde sett oljesøl i fjorden utanfor Skorpo.

– Brannvesenet undersøkte saka, og hadde òg dialog med folk på oppdrettsanlegget, så ikkje fisken skulle ta skade.

– Det skal ha vore snakk om noko blueshine, og ikkje dei store mengdene.

Tilhengar blei avskilta

I 22.30-tida på kvelden stoppa politiet ein bil med hengar. Det var gjeve bruksforbod på hengar for ei tid tilbake, utan at skade eller mangel var utbetra, så den blei avskilta.

Ein bil som blei stoppa var ikkje EU-godkjent innan frist, men hadde vore til kontroll og har verkstadtime førstkomande fredag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.