Sladding og stolne syklar
Politiet torsdag og natt til fredag: Jenter vist vekk frå rundkjøring, tjuveri frå garasje på Moberg, vogntog på tulltur, sladding ved UnoX og påkjørt hjort i Åsen.


Torsdag ettermiddag fekk politiet melding om aktivitet i rundkjøringa mellom Byvegen og Industrivegen.
– Nokre jenter sto med plakatar og marknadsførte noko. Dei blei vist vekk, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Les òg: Innsamling med amerikansk vri
– Om det står plakatar i rundkjøringa blir det også fjerna. Enkelte bilistar har meir enn nok med å koma seg trygt igjennom, og då er det klart at vi ikkje kan ha sånn aktivitet midt i rundkjøringa.
Stal syklar på Moberg
Torsdag fekk politiet melding om tjuveri av to syklar frå ein garasje på Moberg.
– Ein grå hybrid- og ein grå offroad-sykkel er sakna. Garasjen skal ha vore ulåst.
Sladding og vogntog på feil veg
I 21-tida torsdag fekk politiet melding om eit vogntog på veg ut Hegglandsdalen. Vegen er ikkje bygd for bilar av denne storleiken, men politiet hadde ikkje tid til å rykka ut.
I 23.50-tida kom melding om ein bil som kjørte fort og sladda på Byvegen ved UnoX.
– Vi har opplysningar om bilen og kjem truleg til å følgja opp med å melda vedkomande.
– Vi er takksame for denne type meldingar frå publikum. Ikkje for at vi vil ha eit angivar-samfunn, men for at vi skal få eit betre bilde av kva som rører seg i bygda, seier Sperrevik.
Hjort blei avliva
Klokka 03.50 natt til fredag fekk politiet melding om påkjørt hjort i Åsen.
– Hjorten skal ha lagt stille ei stund, men så spratt han opp og fôr til skogs.
Viltkontakt Espen Andersen spora den skadde hjorten opp og avliva den ein knapp time etter samanstøyten.