Slagkraftig duo besøker Os
– Dei fleste byrjar å dansa, seier Jens Erik om konseptet decks & drums (DJ og trommis), som i morgon viser takt og tone på Catten.
Dei blei kjent med kvarandre då dei spelte saman med Gest i 2005-2006, og plukka for 2-3 år sidan opp kontakten, Jens Erik Aasmundseth (Major Parkinson og The Beauty) og DJ Jørgen "Jaycobson" Jakobsen.
– Den gong var det dubsteps, men så kasta vi oss på decks & drums. Gest bad oss to varma opp åleine ein gong, no har vi kjørt mykje på dette med DJ pluss trommis på fleire klubbar i Bergen ei stund.
I kveld speler Jaycobson og JEA på Garage, i morgon kjem dei til nattklubben Catten på Os.
– Jørgen er DJ, men har også med seg eit digitalt trommesett som han kjører perkusjon på i periodar han har nevane fri.
– Det blir som klubbmusikk med DJ, men med ekstra trøkk med LIVE trommis. Vi har fått veldig god respons på dette i Bergen, både på Metro, Ricks, Cosmo og Exodus, mange arrangørar bookar neste dato før vi har pakka saman for kvelden, seier Jens Erik.
– Osingar som er glad i litt rytme kan i alle fall gle seg, dei fleste byrjar å dansa når vi dreg i gang.
VIDEO: Her kan du sjå ein kort sekvens med Jaycobson og JEA.