Slapp med åtvaring
To feilparkerte bilar ved klosterruinane slapp parkeringsgebyr.
Klokka 13.30 fekk politiet melding om bilar som var parkerte på ugunstige plassar langs Lyseklostervegen.
– Det var i området rundt Lysekloster-ruinane. Dei var parkerte langs vegen og spesielt på møteplassane, slik at bussar og bilar hadde problem med å passera kvarandre.
– Vi reiste ut der og fekk kontakt med bileigarne som kom å flytta dei. Dei slapp med ei åtvaring denne gongen, men ein risikerer parkeringsgebyr når ein feilparkerer slik, seier vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.
Køyrde med hengar
Om lag i same området, på Lyseklostervegen, stoppa patrulja i 11-tida ein bil med henger.
– Den blei køyrd av ein mann i 30-åra av utenlandsk opprinnelse, men busett i Bergen. Han hadde ikkje det naudsynte BE-førarkortet, kun B og hadde difor ikkje lov å køyra med hengar. Det blir difor oppretta sak.
Ein time seinare blei ein ung mann tatt på Lepsøyvegen for å snakka i mobil utan handsfree. Han godtok eit forenkla forelegg på 1650 kroner.
Fant narkotika
Klokka 01.00 blei ein mann i slutten av tenåra tatt i Hegglandsdalen.
– Han blei teken med ei mindre mengde narkotika og for å ha brukt narkotika.
– Politiet avslutta natta med ein promillekontroll på Lepsøybrua, kor fem bilistar blei kontrollerte. Alle var edrue, seier politiet.