Slapp unna med tilsnakk

Politiet la seg etter to motorsyklar i går.

(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. apr. 2021 09:42

Torsdag i 22-tida observerte politiet to lette motorsyklar i høg fart på Lepsøyvegen.

– Patruljen la seg etter, og følgde dei til Moberg, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Der skilte motorsyklane lag. Politiet følgde etter den eine, og stoppa den etter kort tid.

– Førar innrømte å ha køyrd fort, men slapp unna med ei åtvaring.

Påkøyrd katt på Nore Neset

I 23-tida fekk politiet melding om ein påkøyrd og drepen katt.

– Den låg på Nore Nese, nær barneskulen. Katten hadde ikkje halsband, men skal ha vore merkt i øyret.

Vegtrafikksentralen blei varsla, og skulle henta katten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.