Lokal | 20. nov. 2009

Slåssing og falske skilt

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. nov. 2009 08:32

Torsdag i 15-tida blei ein bilist stoppa av politiet. Kjenneteikna på bilen var falske og føraren, ein mann i 40-åra, blir meldt for dokumentfalsk.

- Skilta er ikkje sakna frå tjuveri, men noko mannen har fått produsert sjølv. Vedkomande er ein kjenning av politiet, seier Audun Hadler-Olsen, politiførstebetjent ved Os lensmannskontor.

Rundt midnatt i går kveld blei politiet oppringt av ein som hadde vore i ein slåsskamp på eller utanfor utestaden Bar2Be.

- Slåsskampen var over då patruljen kom fram. Ingen var skadd i slåsskampen, men ein av dei blir meldt for å skapa uro på offentleg stad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.