Slåst med venninne, kamerat og vektar
Politiet i Os har brukt delar av helga på å assistera politiet på Tysnes.
Det har som vanleg vore ei roleg helg i Os mens mange osingar har vore på Tysnesfest.
– Det har vore få oppdrag her, men vi har tatt ein del transportoppdrag for kollegaene våre på Tysnes, fortel vakthavande ved Os lensmannskontor.
Både fredag og laurdag var det to gjestar som blei køyrd til overnatting i arresten i Bergen.
– Minst éin av dei, ein mann i 30-åra, er frå Os, legg ho til.
Fire tilfelle av vald
Laurdag kveld blei ein mann i 40-åra pågripen på Våge, ifølgje Twitter, og meldt for kroppsskade.
Ein mann i 30-åra, som var involvert i tre tilfelle av vald på konsertområdet, blei òg meldt. Han skal ha slått både ei venninne, ein kamerat og ein vektar før han blei fjerna frå Tysnes.
Politiet i Os kan ikkje stadfesta at sistnemnde er den same som osingen dei køyrde til arresten.
– Vedkomande skal ha vore vanskeleg, men skal ikkje ha gjort alvorleg skade.
Prøvde å skalla politiet
Også fredag var det eit par ting for politiet på Tysnes å ta tak i. Ein 21 år gamal mann var utagerande og vanskeleg på campen, og prøvde å skalla politiet då han blei pågripen.
Ein annan lagde bråk på festivalområdet i 23-tida fredag kveld, og då han nekta å retta seg etter pålegg frå politiet blei det ein tur i arresten på han òg.
Ingen av dei to bråkebøttene fredag skal vera frå Os.