Lokal | 05. okt. 2014

Slåsting i Kuvågen, trugslar i sentrum

På dagtid blei det utrykning til Os sentrum, i 4-tida i natt kom det tre oppdrag samtidig.

Slåsting i Kuvågen, trugslar i sentrum
Politiet rykte ut for å beskytta to personar som hadde blitt truga i Os sentrum midt på dagen laurdag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 05. okt. 2014 09:36

I 13-tida laurdag fekk politiet melding om trugslar i Os sentrum.

– To personar følte seg truga av ein tredje. Då vi kom til staden var vedkomande som skal ha truga vekke frå sentrum, opplyser politiet.

Politiet fekk likevel ein prat med mannen, som sjølv ringte for å gje sin versjon.

– Vi avslutta i sentrum etter ei stund, men saka kan få etterspel.

Slåsting på privatfest

I 4-tida i natt fann politiet i sovande mann i eit smug i Hamnevegen.

– Vi fekk liv i han og han kvikna etterkvart såpass til at han gjekk heimover.

Samtidig fekk politiet melding frå Catten om at nokon gjekk rundt i Brugata og kasta på ting.

– Vi kunne dessverre ikkje rykka ut på denne då vi var på veg til Kuvågen, der det var meldt om slåsting på ein fest.

Då patruljen kom fram var slåstkampen over. Ingen var skadd og ingen blei tatt med av politiet, men partane kan i ettertid koma til å melda kvarandre.

Mangellapp og avskilting

Klokka 22.45 laurdag kveld stoppa politiet ein bil der førar fekk mangellapp grunna feil lys.

Vedkomande hadde ikkje førarkort med seg og fekk gebyr for dette.

Politiet har i løpet av natta dessutan avskilta to bilar i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.