Lokal | 20. des. 2014

Slåsting i sentrum

Politiet melder om ei relativt roleg natt til laurdag, men dei rykte ut på meldingar om slåsting og høg musikk.

Slåsting i sentrum
Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy.
Kari M. Lyssandlaurdag 20. des. 2014 10:44

Det blei meldt om slåsting ved Os Taxi sin haldeplass i Os sentrum fredag.

– Det skal ha vore ein krangel. Kor mange som var involvert har eg ikkje oversikt over her, fortel Terje Magnussen, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

Det blei gjeve munnleg pålegg og saka vil bli følgt opp i ettertid.

Magnussen fortel om klagar på høg musikk frå ulike stadar i Os.

– Politiet rykte ut og gav pålegg om å roa ned musikken og det skal ha ordna seg på dei ulike stadane.

I 04-tida natt til laurdag kom det inn ei melding om slossing ved Landboden i sentrum.

– Det var to menn som sloss, men det ordna seg på staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.