Lokal | 08. apr. 2017

Slåsting i sentum

Kamphaner barka saman ved Esso og taxibua.

Slåsting i sentum
Ei kvinne blei køyrd til legevakta etter slåsting ved Essoen (ill.foto: KVB)
Andris Hamrelaurdag 08. apr. 2017 09:25

Politiet måtte to gongar i løpet av natt til laurdag skilja kamphanar i sentrum.

– Det eine tilfellet var ved Esso-stasjonen. Der blei ei kvinne køyrd til legevakta som følgje av slåstinga.

– Det andre var i taxikøen, kor patruljen på Os også måtte skilja to som slåst, fortel operasjonsleiar Hans Eirik Thue ved Vest politidistrikt.

Ingen blei gripen etter slåstinga.

Køyrde for fort

Ein mann på veg frå Stavanger til Kvamsskogen, truleg på påskeferie, kom ikkje lenger enn til Hegglandsdalen før han blei stoppa av politiet.

– Der blei han målt til 78 km/t i 50-sona og fekk førarkortet beslaglagt, seier Thue.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.