Lokal | 01. jan. 2018

Slåsting på privat fest

Ein time etter første utrykking blussa det opp igjen.

Slåsting på privat fest
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 01. jan. 2018 10:03

Overgangen frå 2017 til 2018 blei travel for Vest politidistrikt, men det blei ikkje mange oppdrag for politiet i Os.

– Det var svært hektisk, vi har 140 innslag i loggen til no, fortel operasjonsleiar Hans-Erik Thue.

Berre eitt av desse innslaga er frå Os.

– På Os har det stort sett gått fint for seg, men vi har éi adresse der det var ein del trøbbel.

Krangel og slåsting

Klokka 03.10 fekk politiet melding om krangling og slåsting blant 5-6 deltakarar på ein privat fest.

– Ingen var alvorleg skadd, men det er oppretta sak. Mistenkte er ein mann i midten av 20-åra, fortel Thue.

Vedkomande fekk pålegg om å halda seg i ro resten av natta. Klokka 04.30 ringte det frå adressa igjen.

– Same mann hadde skapt bråk igjen, han retta seg med andre ord ikkje etter pålegget han fekk. Denne gong fekk vi roa situasjonen over telefon, men saka blir følgd opp seinare.

Brannvesenet utan oppdrag

Hos Os brannvesen har det vore ei endå rolegare nyttårsvakt.

– Vi fekk nokre telefonar med spørsmål om kva klokkeslett folk kunne byrja å bruka fyrverkeri, men vi har heldivis ikkje hatt nokre uhell eller branntillaup, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Førre utrykning var laurdag, men den var for å assistera etter ei bilulykke i Samnanger.

– Blir det bemanning frå brannvesenet i Os hamn i samband med det store fellesfyrverkeriet i kveld?

– Nei. Der er det godt tilrettelagt, og ProPyro har gjort dette før, så vi har normal beredskap.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.