Næringsliv | 14. juni 2014

Slått ut av lynet

Brødrene Borgen må handla hos konkurrentane for å serva kundane medan vekt- og datasystemet er nede.

Slått ut av lynet
Brødrene Borgen har hatt stopp i produksjonen i tre dagar etter lynnedslaget onsdag 11. juni. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 14. juni 2014 07:01

Onsdag var det kraftig torevêr over Os.

Les òg: Her slo lynet ned

Ein av plassane lynet slo ned var hos Brødr. Borgen Ferdigbetong på Kuventræ, og dei hadde fredag framleis problem etter lynnedslaget.

– Det slo truleg ned i toppen av siloen og flytta seg vidare i bakken til andre delar av anlegget, seier Kristian Borgen.

Stopp i produksjonen – men ikkje i leveringa

Cellene til vekta blei øydelagt, det same blei datasystemet.

– Vi har jobba på spreng med å skaffa og montera nytt utstyr.

– I mellomtida har vi levert til fleire av jobbane vi var i gang på. Betongen har vi måtta kjøpa hos konkurrentane, så dei har hatt fine dagar denne veka.

Borgen reknar med å koma i drift igjen i løpet av helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.