Heine Totland stiller med rocke-foten på Osfest. (Pressefoto)
Heine Totland stiller med rocke-foten på Osfest. (Pressefoto)

Slepp fem nye namn til Osfest 2016

Som varsla serverer Osfest – under kveldens storkonsert i Nore Neset Aktivitetshus – fleire artistar til neste festival.

Cathrin Valestrand
31. desember 2015 - 0:00

Frå før er det klart at både Vamp og Marcus og Martinus speler under Osfest 4. til 6. august neste år. Sistnemde nærmar seg 4000 selde billettar.

Sjå Midtsiden samleside: Osfest

I skrivande stund lanserer Osfest desse namna til dei rundt 500 gjestane på konserten dei sjølv arrangerer vesle nyttårsaftan:

Heine Totland, Frode Alnæs, Odd Nordstoga, Sigvard Dagsland og verdas kulaste osing, Maya Vik, er klare for Osfest 2016.

Bookingsjef Ole Reinert Berg-Olsen røper at dei også arbeidet hardt med å sikra deg nokre utanlandske, svært spennande artistar.

Rock'n'roll

Heine Totlands sensational rock'n'roll circus tek av i VIP-teltet torsdag 4. august. Her blir det speleglede med go'låtar frå 50-og 60-talert, og smittande energi servert av entertainer Heine Totland i front, og med ei humørpille av eit band i ryggen.

Konserten gjeld i første rekkje dei med VIP-billett, men det vil også bli seld einskildbillettar i døra etter kapasitet.

Gitarist av klasse

Frode Alnæs er også klar til Osfest, men på storscena fredag 5. august. Gjennom 30 år har har blitt feira som ein av dei mest populære og suksessrike artistane og låtskrivarane her til lands. Han vert rekna som ein av Norges beste gitaristar. Alnæs er ein vokalist med særpreg som har gleda eit stort publikum med sin musikk og smittande humør.

Som ein liten bonus, stiller Alnæs opp med med ein solokonsert på sponsorcruiset med MS Midthordland. Her blir ledige billettar lagt ut for sal når det nærmar seg.

Folkeleg frå Vinje

Høgt elska artist av mange publikummerar i alle aldersgrupper Odd Nordstoga er klar for dyst under Osfest 2016.

Nordstoga slo igjennom med plata Luring i 2004, der låtane «Kveldssong for deg og meg» og «Grisen står og hyler» kanskje framstår som mest kjend, som han selde 160.000 eksemplar av.

Etter den tid har han erobra barnehjerter med Jul i svingen, og alle andre med Bestevenn og Ein farfar i livet.

Kulaste osing

Bassist og vokalist Maya Vik har gjort det skarpt dei siste åra som soloartist både nasjonalt og internasjonalt. På Osfest fredagen kjem ho med fullt band.

Tidlegare har ho vore medlem av Furia, den Spellemannspris-vinnande popgruppa Montée, og Paul Waaktaars Savoy. Med sin hardtslåande og funky trio har Maya spelt klubbkonsertar og festivalar over heile verda, og no er turen komen til Osfest og heimebane.

Populær kjenning

Einaste nye artist som er slept til laurdagen er Sigvart Dagsland. Han stiller på storscenen laurdag med fullt band. Dagsland er ein folkekjær artist og låtskrivar med 20 soloalbum i sekken, Spellemannspris og kring ein halv million selde plater på landsbasis.

Dreven som han er er han ikkje ein kjær artist berre blant publikum, men også andre artistar. Han har spelt inn låtar mellom anna saman med Sissel Kyrkjebø, Maria Arredondo og Lill Lindfors.

 

Les meir om

Kultur Festivalar Osfest