Kultur | 13. sep. 2010

Slepp ny plate

Orbo & The Longshots er på turne i USA, men slapp måndag likevel si siste live-skive.

Slepp ny plate
Andris Hamremandag 13. sep. 2010 14:32

Live 10 har Orbo & The Longshots kalla den siste plata si.

Som tittelen spelar på så er det ei liveplate og jubileumsplate. 10 år på vegen feirar gruppa i år.

Plata inneheld både akustiske og elektriske spor spela inn på konsertar i Bergen, Drammen og Oslo.

Orbo & The Longshots er for tida i USA på turné der dei etter å ha spela i Los Angeles den 10. september no er på veg til San Diego for å spela på Patricks II den 16.

På grunn av tidsforskjellen har ikkje midtsiden.no lukkast i å få tak i Orbo.

Ein dag for sein
Den nye skiva har ikkje kome til Os enno.

- Den skulle ha kome i dag, men har blitt liggande i Oslo, fortel Tor Owe Rennemo på Musikkverket på Amfi Os.

- Eg får ho inn med posten i morgon, så frå i 12-tida kan du få kjøpt ho på Os også, seier Rennemo.

Kjende låter
Desse spora finn du på "Live 10":

  • Jet Black
  • Blue Rose Hill
  • Voodoo Lounge
  • She's My Baby
  • Rock & Roll City
  • Dance with You
  • Masquerade
  • Forget What I Said
  • Dead Man Walking
  • Sin City

Tidlegare album

  • Seven (2005)
  • Genuine Handmade Rock 'n' Roll (2006)
  • High Roller (2008)
  • Masquerade (2009)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.