Kultur | 03. mars 2016

Slepp siste namn på hovudscenen

Neil Finn, kjent frå Crowded House, har blitt kalla største låtskrivar sidan Paul McCartney. I august speler han på Osfest.

Slepp siste namn på hovudscenen
Neil Finn er nest sist på scenen laurdag 6. august. (Foto: Charlotte Bradshaw)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. mars 2016 09:01

Crowded House-legenda Neil Finn er klar for Osfest. Newzealanderen fekk gjennombrotet sitt då han startabandet Crowded House, kjent for megahits som «Don’t Dream it’s Over», «Weather With You» og «Four Seasons in One Day».

Finn er låtskrivar og vokalist på alle, og står òg bak låta «Song of the Lonely Mountain» frå filmtriologien «Hobbiten». Han har òg vore gitarist i Radiohead.

- Neil Finn er ein av dei mest innflytelsesrike låtskrivarane i pop-musikkens historie. Crowded House er eit av mine favorittband gjennom tidene, det er ei ære at han kjem til Osfest, seier festivalsjef Ole Reinert Berg-Olsen.

Slepp fleire namn på laurdag

Med dagens slepp av Neil Finn er programmet for hovudscenen komplett. Finn er nest sist laurdag kveld før han overlet scenen til Mike and The Mechanics.

Men det skal sleppast fleire band til cruise og VIP-telt, og allereie førstkomande laurdag får du veta om nye namn.

Då er det Osfest-vorspiel på Nore Neset.

FREDAG, HOVUDSCENEN
• Vamp
• Frode Alnæs
• Maya Vik
• Odd Nordstoga
• Suzanne Vega

LAURDAG, HOVUDSCENEN
• Donkeyboy
• Sigvard Dagsland
• Nik Kershaw
• Neil Finn
• Mike and The Mechhanics

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.