Lokal | 06. jan. 2014

Slibrig mann henta av politiet

Politiet har i helga fått melding om skyting med paintball, sprenging av postkassar, slåsting ved bussterminalen og ein slibrig mann i taxikøen.

Slibrig mann henta av politiet
Her, ved Os taxi, blei ein mann i 60-åra henta av politiet, mistenkt for å ha kome med slibrige kommentarar til ein kvinneleg drosjesjåfør. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 06. jan. 2014 10:07

I 04.40-tida natt til søndag fekk politiet melding om ein mann som kom med slibrige kommentarar til ein kvinneleg drosjesjåfør, og som nekta å gå frå staden då han blei forsøkt vist vekk frå drosjehaldeplassen i Os sentrum.

– Patruljen rykte ut og tok mistenkte, ein mann i 60-åra, med seg. Mannen blei kjørt heim, så gjenstår det å sjå om kvinna vil melda episoden, seier politibetjent Anne Lyssand.

Fann bulka bil

I 2-tida natt til søndag fann politiet ein kollisjonsskada bil parkert på Lyseklostervegen, ikkje så langt frå klosterruinane.

– Vi fann namnet på eigar, men kom ikkje i kontakt med vedkomande. Kva som har skjedd er uvisst, men eigar vil få pålegg om å fjerna bilen innen eit visst tidspunkt.

Sprengte postkassar på Halhjem

Laurdag kveld, nærmare midnatt, fekk politiet melding om sprenging av postkassar i Halhjemsmarka.

– Patruljen rykte ut og møtte ein gutegjeng. Dei nekta for å ha sprengt dei to postkassane, men vil, om fornærma melder episoden, bli kalla inn til avhøyr saman med forelda.

Det skal ha vore ein ungdomsfest i nærleiken.

Slåsting og skyting med paintball

I 4-tida natt til søndag fekk politiet melding om slåsting ved bussterminalen i Os sentrum.

Patruljen møtte to gutar på staden, som verken var uvenar eller hadde sett noko slåsting.

I 18-tida laurdag kveld fekk politiet melding om skyting med paintball i Storestraumen. Her skal det ikkje ha vore nokre operative tiltak.

Avskilting og utan skilt

I 3.30-tida natt til søndag blei ein bil avskilta i Mobergsbakken.

Klokka 22.40 laurdag kveld, på Haugsneset, fekk ein mopedførar pålegg om å montera eit laust skilt fast på mopeden sin.

Søndag morgon, frå klokka 8.30, hadde politiet promillekontroll på Halhjemsvegen.

16 bilar blei kontrollert, alle førarane var edrue.

Søndag kveld klokka 23.24 fekk politiet melding om trailer som sto fast ved den gamle brannstasjonen i Os sentrum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.