Kulturkonsulent i Os kommune, og ansvarleg for 17. mai-markeringa, Stine Kobbeltvedt med dei tre teikningane som prydar årets program. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Sånn blir 17. mai - krins for krins

Programslepp i dag: kor tid går toget, kor går toget frå, kor kan eg parkera og kven skal halda tale?

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Ansvarleg for årets 17. mai, kulturkonsulent i Os kommune, Stine Kobbeltvedt, fortel at det meste no er på plass, åtte dagar før nasjonaldagen;

– Vêrmeldinga ser lovande ut, Kyrkjeflaten er tørr og fin og alle talarar og kulturelle innslag er klare.

Avmarsj frå grusbanen i år

Kobbeltvedt seier at det ikkje vert store endringane frå tidlegare år, men éin viktig detalj er viktig å få med seg;

– Grunna arbeidet rundt Os ungdomsskule vert det oppstilling av 17. mai-toget på grusbanen, ikkje Os ungdomsskule som tidlegare.

Kobbeltvedt oppmodar òg alle å studera kartet over kor du kan parkera ekstra nøye.

– Dette er ein travel dag for alle, og det er mange som trekk til Os sentrum for å få med seg toget og arrangementet på Kyrkjeflaten.

– Ein del vegar vert stengt i lengre eller kortare periodar, så dette er ein dag det er ekstra lurt å berekna ekstra tid. Det er allereie begrensa med parkeringsplassar i sentrum, så det luraste er å ta høgde for å parkera godt utanfor sentrum, og heller ta beina fatt siste biten.

Kobbeltvedt legg til at kart over oppstilling på grusbanen, og rekkefølgje for innslaga i toget  vil bli lagt ut på kommunen sine nettsider onsdag 15. mai.

– Vi veit av erfaring at ein del er litt seint ute med å melda inn sine innslag, men det er framleis mogleg for barnehagar, lag og organisasjonar å melda seg på. Jo fleire vi blir, jo kjekkare vert toget!

Døsen, Søviknes og Axelsen skal tala

I fjor var første året Luranetunet arrangerte sitt eige arrangement i Tropehagen. Dette vil dei halda fram med i år, fortel Kobbeltvedt.

– Tor Inge Døsen skal halda tale der, og det vert underhaldning ved Os Spelemannslag.

Til å halda tale i Minneparken kjem ordførar Terje Søviknes.

Avtroppande kultursjef i Os, Lisbeth Axelsen, vil halda talen på Kyrkjeflaten seier Kobbeltvedt.

– Alle tre har fått same tema i oppgåve til talane sine, og det blir spanande å høyra korleis dei har teke føre seg temaet «Mi heimbygd».

Song frå Os på Kyrkjeflaten

I tillegg til at elevar frå Kuventræ barneskule skal underhalda på Kyrkjeflaten, har Kobbeltvedt og kultureininga bestilt eit eige verk til markeringa;

– Tilslørte Bondepiker vil framføra «Song frå Os», før årets russepresidentar, Elise Aspenes og Vegard Skeie held sin tale.

Teiknekonkurranse på nett

Årets program finn du enkelt på Os kommune sine nettsider fortel Kobbeltvedt.

– Her finn du kart over kva vegar som vert stengde, kor du kan parkera, og ikkje minst; tidene for dei ulike arrangementa i Os sentrum og alle dei andre krinsane i bygda.

5.klassingane på dei ulike skulane i Os har som tidlegare år sendt inn teikningar til å pryda programmet.

I år fekk dei i oppgåve å teikna «Mi heimbygd».

- Vi har gått litt vekk frå å kalla det ein teiknekonkurranse, så i år det tre teikningar som er med i programmet.

Desse er laga av Maria Hansen, 5c Kuventræ barneskule, Kine Lyssand, 5c Nore Neset barneskule og Even S. Folgerø, 5a Lunde barneskule.

– I tillegg er samtlege teikningar scanna og lasta opp slik at du kan gå inn på kommunen sine heimesider og sjå på alle dei flotte teikningane og korleis årets 5. klassingar tolka temaet «Mi heimbygd», avsluttar Kobbeltvedt.

Os sentrum

07.00 Os Musikkforening spelar frå Finnebrekka

10.00 Gudsteneste i Os kyrkje v/ seniorprest Knut Ivar Askeland. Os Mannskor syng.

10.00 - 12.00 Eige arrangement i Tropehagen på Luranetunet. Os Musikkforening spelar kl. 10.00.

Tale ved Tor Inge Døsen. Os Spelemannslag underheld. Hjarteleg velkomen til bebuarar, pårørande og vener av Luranetunet.

11.00 Minneparken. Tale ved ordførar Terje Søviknes. Os Mannskor syng.

11.30 Oppstilling til prosesjon på grusbanen ved Os ungdomsskule

12.00 Korpsa spelar «Ja, vi elsker» før toget går. 

Prosesjonen går ut frå grusbanen, opp Landboden og over gamlebrua til Finnebrekka. Ut Finnebrekka, vidare ned Hatvikvegen over Osbrua. Til høgre inn Brugata, gjennom sentrum, til høgre ved Legangerbygget / Nordisk Rom og inn på Kyrkjeflaten.

13.00 - 14.00     Arrangement på Kyrkjeflaten. Musikk ved Os skulekorps og Os Musikkforening.

Program på Kyrkjeflaten

Opningssong: To vers av «Ja, vi elsker». Alle syng med.

Ord for dagen ved elevar frå 7. trinn ved Kuventræ barneskule

Song ved 1. og 2. klassetrinn Kuventræ barneskule

Tale for dagen ved kultursjef Lisbeth Lunde Axelsen

Tilslørte bondepiker syng «Song frå Os»

«Ossongen». Alle syng med.

Tale ved russepresident ved Os gymnas, Vegard Skeie,og russepresident ved Os vidaregåande skule, Elise Aspenes

«Fagert er landet», to vers. Alle syng med.

17.00 Arrangement på Oseana. Osøren Jazzensemble & Marita Moe Sandven

Os skule

14.00-16.00: Aktivitetar og leikar for born på skuleplassen. Kafédrift i gymsal med sal av betasuppe, kaffi, kaker, hotdog, is, brus og vaflar.

Hegglandsdalen

13.30: Oppmøte på skuleplassen

14.00: Prosesjonen går frå skuleplassen mot Tveit.

7. klassingane blir køyrde i prosesjonen

14.45: Tale for dagen ved elevar frå 7. trinn

15.00: Sal av betasuppe, hotdog, kake, kaffi, brus, is, sukkerspinn og popcorn

Leikar og aktivitetar for barna

16.00: Fotballkamp 7. trinn – foreldre

Søre Neset (Lunde)

14.00: Salutt. Toget startar frå Halhjem kai og går til Lunde barneskule. Søre Neset musikklag spelar.

14.45: Opning. To vers av nasjonalsongen framført av musikklaget og skulen sitt kor.15.00: Tale for dagen ved elevar frå 7. trinn. «Song til Os» framført av skulen sitt kor.
15.15: Søre Neset musikklag spelar «Gud signe vårt dyre fedreland», medan skulen sitt kor syng.

Musikklaget avsluttar.

15.20: Aktivitetane startar.

17.00: Slutt

Strøno

10.45: Frammøte i 17. mai-krysset

11.00: Prosesjonen går til skulen

Musikk ved Nore Neset Skulekorps

Tale for dagen ved 7. klasse på Strøno barneskule

Sal av brus, is, pølser, kaffi og rømmegraut m.m.

12.00: Natursti og aktivitetar

13.30: Premieutdeling og trekking av loddbøker

17.00–19.00: Aktivitetar  i Ungdomshuset Alvheim

Luftgeværskyting, pilkast m.m.

Kafeteria

Nore Neset

14.00: Salutt, 17. mai-toget går over Skorvane og hovudvegen og tilbake til skulen.

14.30: Skulekorpset spelar

14.45: Hovudtale v/ 7. klasse-elevar

15.00: Leikar for barn og vaksne

Sal av m.a. is, brus, pølser, rømmegraut, kaker og kaffi

16.30: Avslutning leikar

16.45: Premieutdeling

17.00: Slutt

Søre Øyane

10.15: Toget stiller opp ved Torsneset

10.28: Salutt

10.30: Søre Neset Musikklag spelar opp og me syng «Ja, vi elsker»

Song ved russen v/ Kongshaug musikkgymnas

Toget startar og går til Søre Øyane barneskule.

11.15: Toget kjem til Søre Øyane barneskule. Me samlast på plassen og syng «Gud signe vårt dyre Fedreland»

Tale ved elevrådet v/Søre Øyane barneskule

Alle syng «Song til Øyane»

11.45:  Leikar og konkurransar for små og store.

Sal av betasuppe, rømmegraut, pølser, kaffi, kaker, is og brus.

14.00: Premieutdeling og vandrepokal til «Årets beste 17. mai tog-klasse».

Lysekloster

13.00: Opning i Lysekloster ruinar. Underhaldning og sang.

14.00: Folketoget går frå Lysekloster ruinar til Lysekloster skule.

15.00: Arrangement på Lysekloster skule.

Leikar for barn og vaksne. Det blir lykkehjul med flotte gevinstar og sal av sukkerspinn og gassballongar.

Gratis buss til klosterruinane:

Frå Drange: 12.00

Frå Åsen: 12.30

Frå skulen: 12.15 og 12.45

Søfteland

08.00: Musikken spelar ved Urheim.

09.45: Toget stiller opp ved Joker Mat.

10.00: Toget går om Furuflaten til skulen.

Ca. 11.00: Søfteland Musikklag spelar til allsong.

Tale for dagen ved Håvard Mathisen.

Barna underheld med song.

Tale av elevar i 7. klasse.

Ca. 11.45: Kappspringing med premieutdeling for barn under skulealder og 1. til 7. klasse.

Aktivitetar for store og små.

Turnoppvising.

Ca. 14.30: Premieutdeling og avslutning

Sal av kaffi, brus, pølser, is, sveler og kaker (etter programmet). Sal av aktivitetskort/klippekort: kr. 100. Vi tar imot kontant betaling og Vipps til 91534.

Kuventræ

14.30: Frammøte og opningsord på skuleplassen.

Velkomen ved FAU-leiar.

Nasjonalsongen.

Ord for dagen ved elevar frå 7. klasse.

14.45: Aktivitetsløypa opnar.

Leikar for barn og vaksne. Loddsal.

Kafé med sal av lapskaus, Cold Cat, hotdog, kaffi, kaker, brus, og is.

16.15: Premieutdeling og trekking av loddbøker.

16.30: Slutt

Fleire saker