Lokal | 10. mai 2016

Slik blir Bjørnafjorden kommune

Forhandlingane mellom Os, Fusa og Tysnes er i hamn. Intensjonsavtalen blir no send til politisk handsaming. Men kor kjem tenestene?

Slik blir Bjørnafjorden kommune
Dei tre forhandlingsutvala sat saman måndag for ein siste finpuss på intensjonsavtalen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 10. mai 2016 06:21

Tysdag avslutta forhandlingsutvala frå dei tre Bjørnafjorden kommunane forhandlingane og blei samde om ordlyden i intensjonsavtalen dei no sender vidare i det politiske systemet fram mot kommunestyremøte i alle tre kommunane den 18. mai.

Midtsiden freister her å trekkje hovudkonklusjonane frå forhandlingane. Og dei er at det meste blir som før.

Osøyro blir kommunesenter medan det blir kommunedelsentre i Eikelandsosen og i Uggdal/Våge.

Alle barnehagar og skule skal oppretthaldast, inkludert ungdomsskulane i Fusa og på Tysnes.

Det same gjeld innan brann, beredskap og helse. Helsestasjonane og fastlegar blir der dei er i alle tre kommunane. Også det lokale legevakt-tilbodet blir oppretthalde i avtalen.

Fusa bu- og behandlingssenter, Tysnes omsorgsenter og Luranetunet omsorgsenter blir vidareført som baser for omsorgstenestene i den nye kommunen.

Den nye kommunen vil jobba for å behalda dei tre vidaregåande skulene Os vgs, Os gymnas og Fusa vgs. Det same gjeld den offentlege tannhelsetenesten, som i dag har base på Os og i Eikelandsosen.

I tillegg vil ein jobba for betre interntransport i kommunen, både til lands og til vatns.

Ein av dei få tinga som ikkje er spikra i intensjonsavtalen, slik vi forstår, er kor stab- og støttefunksjonar skal leggast, men kommunehusa både på Os, Eikelandsosen og Uggdal/Våge skal framleis ha kommunale funksjonar, nett så dei andre kommunale bygga og ingen tilsette skal bli sagt opp som følgje av ei eventuell kommunesamanslåing.

Størst skilnad blir det kanskje på politisk nivå, kor tre kommunestyrar skal bli til eitt og dei ulike underutvala skal slåast saman. I tillegg blir det ein gevinst for innbyggjarane i Fusa og Tysnes ved at den nye kommunen ikkje skal ha eigedomsskatt.

Så kvifor gjer ein dette om ingenting blir endra?

Jo, fordi staten vil det og legg om inntektssystemet til kommunane for å stimulera til færre og større kommunar.

Detaljane i dei økonomiske sidene ved kommunesamanslåinga er rett og slett så innfløkte at Midtsiden ikkje tør gi seg ut på å gjengi dei i detalj. Også her er hovudkonklusjonen at den nye kommuna kjem ut omlag som før, kanskje litt styrka grunna overgangsordningar og stimuleringstilskot.

Om dei tre kommunestyrane den 18. mai besluttar at dei går for intensjonsavtalen så blir den lagt ut på høyring blant innbyggjarane i dei tre kommunane og det blir invitert til folkemøter 25. mai i Fusa, 30. mai i Os og 31. mai på Tysnes.

I tillegg vil ein gjennomføra meiningsmålingar i alle dei tre kommunane i starten av juni.

p.s. Midtsiden vel å kalla kommunen Bjørnafjorden kommune, då Bjørnefjorden ligg i Sollund kommune lengre nord på kysten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.