midtsiden

Slik blir dronning-besøket

Torsdag kjem H.M. Dronning Sonja til Os, Buena kai og Museet Lysøen. Slik ser programmet for dagen ut.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag ettermiddag er det venta stort oppmøte med små ogstore tilskodarar når Hennar Majestet Dronninga kjem til Museet Lysøen via Buena kai.

Dronning Sonja er venta til Lysefjorden klokka 16.15 og blir tatt imot av ordførar Terje Søviknes. Klokka 16.20 skal turen gå vidare til Lysøen, med flotilje av oselvarar, nasjonalbåten i sitt ess.

Mottakinga på Lysøen
På Lysøen blir H.M. Dronninga møtt av Berit Høgheim, avdelingsleiar i Kunsmuseene og leiar for Lysøenutvalget, Einar Skarbø. På veg opp til Ole Bulls Villa skal Skarbø orientera om dei nye reparasjonsarbeida ved museet.

Ved villaen er det Kåre Valebrokk, styreleiar i Kunstmuseene i Bergen (Ole Bull 2010) og Pål W. Lorentzen, styreleiar for Festspillene i Bergen, Anniken Thue, leier av Kunstmuseene i Bergen og Festspilldirektør Per Boye Hansen som tar imot dronninga.

Konserten
Også leiar i arbeidsutvalget Ole Bull 2010, Bjørn Laastad og prosjektleiar for Ole Bull 2010, Trond Indahl, får helsa på.

Klokka 16.38 blir det mottaking i første etasje ved vertskapet og «nære personar», klokka 17 startar konserten med Vilde Frang Bjærke (vinnar av den norske solistpris 2009) og Christian Ihle Hadland, som spelar Bull, Schubert og Strauss.

Konserten er slutt klokka 18.

Fleire saker