Lokal | 21. nov. 2012

Slik blir skulegrensene

Kor skal elevane gå når ungdomsskulene er ferdige i 2014? Slik ser kommunen det for seg.

Slik blir skulegrensene
Om lag der den gule streken går på bilete vil grensa mellom Os og Nore Neset ungdomsskular gå frå hausten 2014 (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 21. nov. 2012 15:57

I tenesteutvalet onsdag orienterte kommunalsjef Ingvar Torsvik om arbeidet med bygginga av dei to ungdomsskulane på Os og Nore Neset.

- Vi har hatt diskusjonar med rektorane og personalet i forhold til kva skule elevane skal gå på når dei skal byrja på ungdomsskulen.

- Det er mange omsyn å ta. Kva idrettslag er dei med i og kvar bur venane?

Administrasjonen ser for seg følgjande frå hausten 2014:

Os ungdomsskule: Elevar som går på Os, Kuventræ, Hegglandsdalen og Søfteland + dei av elevane som går på Lunde (Søre Neset) barneskule, og bur slik til at dei har innkøyring frå rundkøyringa på Moberg (ved brannstasjonen/Kiwi).

Nore Neset ungdomsskule: Elevar som går på: Halhjem, Lysekloster, Strøno, Søre øyane og dei fleste borna på Lunde barneskular, unnataken dei elevane som har bustadsadresse i Kuvågen, Brothaugen, Kuhnle.

Grensa blir altså trekt mellom Lekven og Brothaugen, om lag slik Midtsiden har skissa på bilete i denne saka.

Personale fordelt

Kommunalsjefen og fagforeningane signerte i oktober ein avtale som regulerer kor personalet på ungdomsskulane skal jobba frå hausten 2014.

- Dei som jobbar ved Os ungdomsskule er garantert stilling der.

- Personalet på dagens ungdomsskular på Søfteland og Nore Neset er garantert stilling på nye Nore Neset ungdomsskule, forklarte Torsvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.