Lokal | 23. juni 2014

Slik får du ei trygg feiring

Det er lov å tenna sankthansbål, men vis omsyn og vêr forsiktig. Les varabrannsjef Arne Monsen sine råd.

Slik får du ei trygg feiring
Varabrannsjef Arne Monsen (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamremåndag 23. juni 2014 08:22

Søndag ettermiddag kom eit sankthansbål ut av kontroll i Lepsøyvegen, men bålbrennar og brannvesenet fekk raskt kontroll over flammane.

No går varabrannsjef Arne Monsen ut med råd og tips på korleis du kan få ei trygg og triveleg sankthansfeiring.

– Det er lov å tenna opp sankthansbål så lenge det er god avstand til bygningar,skogområder,vegetasjon og anna brennbart materiale.

– Men vi ber alle om å følgja våre råd for ei forsvarleg bålbrenning, seier Monsen.

Her er brannvesenet sine råd

  • Innhent tilatelse frå grunneigar.
  • Anvarshavande vaksen person må sørga for at bålet vert halde under kontroll.
  • Bålet bør ikkje byggast for stort. Kast heller på meir ved etter kvart.
  • Bålet bør byggast av reine treprodukt.Impregnerte materialer avgir giftige gasser ved brann. Det same gjeld skumgummimadrasser,gamle sofaer,bildekk etc.
  • Ikkje bruk bensin eller lignande til opptenning.
  • Ikkje gjer opp eld på svaberg/bart fjell då dette gir varige skader på berget.
  • Er bålet høgt, bør det antennast på midten. På den måten unngår du for store flammar og sterk varmeutvikling.
  • Sørg for at born held god avstand til bålet. Kle dei med naturstoff som bomull og ull. Kunststoff er lett antennelege og kan smelta under sterk varme.
  • Ta hensyn til naboar. Røyk verkar irriterande på slimhinner i auge og luftvegar, og representerar eit helse-og trvselmessig problem for dei som vert eksponert.
  • Ansvarshavande vaksen person skal sørga for at bålet vert sløkt forsvarlig med rikelige mengder vatn. Finnes ikkje vatn på staden, må dette takast med.
  • I tørkeperiodar og sterk vind vil generelt forbud vurderast. Den ansvarlige plikter å undersøka dette før opptenning.

– Om desse reglane blir fulgt treng ein ikkje melda frå om brenninga til brannvesenet.

– Vi vil få ønska alle osingar ei god og trygg sankthansfeiring, avsluttar varabrannsjef Arne Monsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.