Det blei ei oppheita stemning på Os natt til sundag då ein mann tok tak i ei av svanene nedanfor Irisgården. Episoden førte mellomanna til ein kaotisk slåsskamp ved Essoen.
– Det var mange som involverte seg i slagsmålet, noko som gjorde at situasjonen blei kaotisk for patrulja på vakt.
– Dei hadde store utfordringar med å roa situasjonen og måtte gjera vanskelege vurderingar i høve kva dei skulle gjera og ikkje. Difor enda det med at dei såg seg nøydd til å nytta peparspray og å få bistand frå politiet i Bergen.
– Slike tilstander verkan kan, eller vil vi ha i Osbygda, slår politioverbetjent Audun Hadler-Olsen fast.
Fem anmeldt
Det var ikkje berre "svaneslagsmålet" som gav politiet noko å jobba med natterstid i sentrum.
– Den episoden var nok forløparen til noko av det, men det var fleire tilløp til bråk og slagsmål.
– Vi ser mellomanna grupperingar frå forskjellige stader i bygda som yppar på kvarandre.
– Vald mot offentleg tenestemann, fyll og bråk på offentleg stad slår vi hardt ned på.
– Totalt blei fem personar anmeldt. To for vald mot politiet og tre for brot på paragraf 350, bråk på offentleg stad.
– Vi sit med eit inntrykk av at det var mykje fyll og ei generell agressiv stemning i helga, seier Hadler-Olsen.
Ber folk halda seg unna
Politioverbetjenten har ei klar oppfordring til folk som blir vitne til bråk og slåsting.
– Folk må læra seg å oppføra seg og ikkje blanda seg inn i slåstkamper.
– Vi ønskjer at Osøyro skal vera eit trygt og godt sted å gå ut på.
– Med fleire større arrangement i Os sentrum på trappene, vil vi sjå på kva grep vi i politiet kan gjera for å trygge publikum, men folk kan bidra sjølv med å trekke seg unna.
– Følg dei pålegga som blir gitt frå politiet, oppmodar politioverbetjenten.