Slik skal brua bli billegare
E39 Stord - Os: Vegvesenet har fått i oppdrag å gjera Hordfast billegare. Allereie på folkemøtet i desember gav dei svaret på korleis.
På ei pressekonferanse på Arna stasjon tysdag ettermiddag slo statsminister Erna Solberg (H) fast at det blir midtre trasé og bru over Bjørnafjorden, men at kostnadane på prosjektet, som no er kostnadsrekna til 43 milliardar kroner, må ned.
Fleire, mellom anna fylkesrådmannen i Hordaland, har teke til ordet for å gå frå fire til to felt, men det er ikkje der besparelsane ligg i følgje prosjektleiar Signe Eikenes.
– Bruene byggjer me for framtida. I det store og heile er det berre mindre pengesummar å spara på å snevra inn og ut her og der, seier ho til NRK.
Mindre stål
Svaret gav faktisk Eikenes og Kjell Håvard Belsvik, prosjektleiar for bru over Bjørnafjorden allereie i folkemøtet på Oseana i desember. For osingane kom det lite svar på møtet, men for prosjektet var det viktig informasjon som kom fram.
– Endeforankra flytebru vil gå i ei boge og vera uavhengig av fjordbotn. Den vil få ei seilingsled på 400 x 45 meter og ligga på flytande potongar på omlag 70x30 meter. Med den løysinga vi har no, vil den ha opp mot 120 000 tonn stål i veglegemet, til samanlikning vil ei sideforankra bru ha mellom 70 og 80 000 tonn stål. Mengda stål er viktig og vi prøver å få den ned, men samstundes behalde robustheiten.
– Det er lågare kostnad med sideforankra bru, forklarte Belsvik då.
Utfordrande havbotn
I møtet forklarte Belsvik at bakgrunnen for at ei endeforankra bru låg som tilråding frå vegvesenet var havbotn i Bjørnafjorden.
– DOF Subsea har kartlagt sendiment og grunnen i Bjørnafjorden. Den er ein relativt roleg fjord, kor sedimenta legg seg på fjellsidene og vi kan få ras som kan sleppa seg ganske langt ut i fjorden. Difor blir det viktig å sjå vidare på kva type anker vi kan nytta, kor mange vi treng og så vidare, forklarte Belsvik.
I følgje NRK vil vegvesenet truleg først til sommaren ha ein ny prislapp på prosjektet til regjeringa.