Sport | 03. feb. 2014

Slitsam bursdag

Joachim Nøkleby kjempa hardt på 41-årsdagen sin, men serieleiarane NHHI blei for sterke for Os.

Slitsam bursdag
Joachim Nøkleby er nøgd med at Os kjempa hardt i 2 x 30 minutt, men innser at NHHI var for sterke. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 03. feb. 2014 10:20

Bildeserie:

Fin redning av Andreas Sennesvik. (Foto: KVB)
Fin redning av Andreas Sennesvik. (Foto: KVB)
Jørgen Wold blei toppskårar med 5 mål. (Foto: KVB)
Jørgen Wold blei toppskårar med 5 mål. (Foto: KVB)
Isak Røen putta to. (Foto: KVB)
Isak Røen putta to. (Foto: KVB)
Timeout. Os var hakket betre i 2. omgang, noko dei ikkje har vore tidlegare i år. (Foto: KVB)
Timeout. Os var hakket betre i 2. omgang, noko dei ikkje har vore tidlegare i år. (Foto: KVB)
– Det er alltid kjekt å slå Os, seier den elles så sympatiske osingen Arne Veim Haugland. (Foto: KVB)
– Det er alltid kjekt å slå Os, seier den elles så sympatiske osingen Arne Veim Haugland. (Foto: KVB)
1 av 5

Handballherrane til Os tok søndag imot serieleiar NHHI i Oshallen.

Det blei som venta ein hard kamp mot raske og sterke studentar.

– Det var ein opptur å klara å kjempa i 2 x 30 minutt, vi som har vore svake i 2. omgang i dei fleste kampane i år.

– Men dei blei for gode for oss, seier eldstemann på Os, Joachim Nøkleby, som måtte finna seg i å tapa på bursdagen sin.

Os - NHHI 20 - 32 (10-17)
Målskårarar, Os: Jørgen Wold 5, Øystein Skarding 4, Joachim Nøkleby 3, Ove Lyssand 3, Isak Røen 2, Trygve Dahl 2 og Joakim Blostrupmoen 1.

Os-keeper Andreas G. Sennesvik hadde fleire fine redningar, men NHHI kjørte høgt tempo og fleire fine angrepssystem, så AGS-en måtte også sjå ei rekke skot gå i nota.

Keeper-veteran Hans Brunvatne (40) var inne og redda ein straffe, men returen gjekk inn.

Offensivt drog Os på seg ein del brot og stillinga gjekk frå 1-2 til 4-8. Og det var ikkje alle gongane Os fekk lausna gode skot at dei gjekk inn heller, NHHI-keeperen var veldig stødig.

– Kjekt å slå Os

– Det er alltid kjekt å slå Os, seier osingen og NHHI-spelaren Arne Veim Haugland.

Sjølv skåra han tre mål for NHHI.

– Spesielt etter at Nøkleby etter førre kamp, der vi leia 18-4 til pause, meinte at vi var eit lag Os kunne slå, ler han.

Ny heimekamp laurdag

– No får vi satsa på å ta litt fleire poeng i innspurten, så vi held oss i divisjonen, seier Nøkleby.

Os ligg på 10. plass av 12 lag, men med færre spelte kampar enn dei fleste andre i avdelinga.

Neste kamp går også i Oshallen, førstkomande laurdag tar Os imot FyllingenBergen 2, som frå før har vunne 7 og tapt 8 kampar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.