Slo Årstad med sju
Handballherrene til Os tilbake på vinnarsporet. Slo Årstad 27-20.
Etter ein god, men poenglaus kamp, borte mot Stryn forrige helg, var det klart for heimekamp mot Årstad for handballherrene til Os laurdag kveld.
Os stilte ein tynt lag med berre ein innbyttar til oppgjeret.
– Vi manglar fire av dei som var med til Stryn i dag grunna sjukdom og jobbreise, fortel Ostrenar Kenneth Husebø.
Godt kombinasjonsspel
Trass få spelarar tok Os raskt føringa i heimekampen.
– Eg tykkjer vi speler ein grei første omgang, kor vi får til å involvera fleire med gode kombinasjonar. Det gjorde òg at vi kom bra på kontra og i andre bølgen. Spesielt nøgd er eg med at heile gjengen blir involvert.
Blei stilleståande
Med fem måls leiing virka det nesten som om osingane tenkte dei kunne cruisa inn til siger.
– Det er ei periode der i andre omgangen kor vi blir for stilleståande og Årstad kjem opp i ryggen på Os, men heldigvis skjøner gutane alvoret og får til noko av det spelet vi såg i første omgangen. Det var eit bra Årstad-lag vi møter i dag, så vi kunne ikkje sleppe oss nedpå, oppsummerer Husebø, som trekk fram keeper Einar Godø som god laurdagskvelden.
Os - Årstad 27-20 (15-10)
Utv: Os 2x2 min, Årstad 3x2 min + ett rødt kort
Os sitt lag: Einar Godø, Stian Lepsøy 1, Trygve Lerch Dahl 1, Arne Veim Haugland 11, Mats Brunvatne 1, Isak Røen 8, Ove Lyssand 3, Erik Vågen 2
Etter sigeren mot Årstad, ligg Os berre eitt poeng bak Stryn på 2. plassen òg det med ein kamp mindre spelt. NHHI leiar serien tre poeng framfor Os.