Sport | 06. feb. 2011

Slo Baune i treningskamp

Frank Hellevik stakk av med David Nielsen og slo Løv-Ham. Lysekloster klarer seg likevel greit.

Slo Baune i treningskamp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 06. feb. 2011 21:20

I sommar gjekk det rykter om at David Nielsen skulle gå til Lysekloster då han la opp som toppspelar. I førre veke kunne vi lesa at den danske spelaren gjekk til Fyllingen.

- Då vi i haust fekk over dei to Fana-spelarane Torbjørn Birkelund og Kim Idar Krogsethagen la vi ballen med Nielsen død. Eg er ikkje overraska over at han gjekk til Fyllingen, der han har frå før har nære samarbeidspartnarar, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.

Nielsen spelte då Fyllingen, der tidlegare Os-trenar Frank Hellevik er assistenttrenar, torsdag slo Løv-Ham 4-2 (2-1) i ein treningskamp. Fyllingen speler i Os si 3. divisjonsavdeling i år.

Hellevik sin førre gamleklubb, Baune, blei fredag slått av eit lag soom i fjor spelte tre divisjonar under dei.

Målrikt mot Baune
Baune var nær på å halda seg i 3. divisjon i fjor, men rykte ned. Fredag møtte dei Lysekloster, som i fjor rykte opp til 5. divisjon.

Lysekloster leia 3-1 og vann 5-4.

- Hadde dette vore ein seriekamp ville vi nok ha spelt meir safe. Men vi har bestemt oss for å skåra mange mål i år, og ikkje vera så varsame bakover, så det blir nok fleire målrike kampar på oss i 2011, trur Sandal.

Lysekloster 2 vann også
Det nystarta andrelaget til Lysekloster rykte også opp i fjor, frå 7. divisjon til 6. divisjon, saman med dei to andre 7. divisjonslaga frå Os, Nore Neset og Søfteland.

Laurdag spelte dei sin første treningskamp i vinterligaen til Tornado Bergen. Der vann dei 6-4 over SK Galgen.

Fleire nye i stallen
I tillegg til Torbjørn Birkelund og Kim Idar Krogsethagen har Lysekloster skaffa seg dei to tidlegare Os-spelarane Baste Jonassen (opprinneleg frå Lysekloster) og Espen Kopperud.

- Vi har også fått over Andreas Fosse frå Nymark.

Nymark, som har mange sesongar bak seg i 3. og 4. divisjon, rykte i fjor ned frå 4. til 5. divisjon.

- Fram mot sesongstart kjem vi til å halda fram med treningskampar mot sterke motstandarar, så får vi heller gå på ein smell eller to. Det viktigaste er at vi er godt førebudd når serien startar, seier Lysekloster-trenaren.

Neste treningskamp for Lysekloster går mot Gneist, som var nær på å rykka opp til 3. divisjon i fjor.

Lysekloster har som mål å rykka opp til 4. divisjon i år. Søre Neset blir ein av konkurrentane om avansement.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.