Lokal | 22. okt. 2009

Slo dørvakt

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. okt. 2009 10:52

Ei travel helg for Midtsiden-redaksjonen og ein hektisk start på veka for både politi og presse gjer at politisakene frå helga som var kjem noko seint på Midtsiden.no. Og helga hadde litt å by på for politibetjentane som var på vakt.

- Fredag fekk vi melding om uro på Haugland. Ein mannleg gjest i 50-åra blei henta frå eit hus og kjørt via legevakt til overnatting i arresten i Bergen, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Politiet har også fått melding om grisekjøring. Éin person blei tatt, ein annan skal følgjast opp.

Utan legeattest
Politiet kontrollerte 100 sjåførar i ein promillekontroll laurdag formiddag.

- Ein person blir meldt for å kjøra utan legeattest, som vedkomande hadde krav på seg om å ha med saman med førarkort.

Plagsam
Midt på dagen laurdag fekk politiet melding om ein rusa person som plagde folk i Os sentrum.

- Patruljen var opptatt, men vi veit kven vedkomande er, så han blir følgd opp, seier Sperrevik.

Fem tatt med GHB
I helga slo politiet til mot ein bustad i Os. Der blei fem personar tatt med, mistenkt for bruk og oppbevaring av GHB.

- Tre av dei blei dimittert etter avhøyr, to blei tatt med til arresten i Bergen, mistenkt for å vera knytt til stoffet som politiet fann i bustaden.

Slo dørvakt
Natt til sundag blei det bråk mellom ein gjest og ein dørvakt på ein av utestadane i Os sentrum. Gjesten hadde fått tilsnakk, noko han ikkje fann seg i.

- Mannen slo dørvakten, og er meldt for vald mot vakta, opplyser politiet.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.