Sport | 17. juni 2009

Slo Fyllingen

Juniorane tok i går sin andre siger på rad då dei fekk besøk av Fyllingen tysdag kveld.

Slo Fyllingen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. juni 2009 07:02

Bildeserie:

1 av 6

Etter 5-2 over Varegg på bortebane i førre runde, og ein sterk cupkamp mot Brann (som noko urettvist enda med 0-3-tap) laurdag, var det unge gutar med mykje sjølvtillit som tok imot Fyllingen i går kveld.

- Dette var kjekt å sjå, eg er stolt av spelarane, seier hovudtrenar Øyvind Steffensen.

Os junior elite, som har servert seniorstallane med mange spelarar dei siste åra, fekk ein tøff start på sesongen. Men i går var det eit lag utan innslag av A-lagsspelarar som skapte mykje og tok ein fortent siger.

- I andre omgang starta vi med 7 av 10 utespelarar som anten er gutespelarar eller førsteårs junior, fortel Steffensen.

Kopperud avgjorde
Os tok leiinga cirka 25 minutt ut i kampen. Litt klabb og babb i feltet etter eit frispark enda med at Martin Eidsvik tok ballen, finta vekk to spelarar og sette inn kampens første mål.

Fyllingen utlikna to minutt etterpå og laga gjekk til pause med kvar sitt mål.

- Espen Kopperud, som er svært god for tida, heada inn ein corner tidleg i andre omgang. Dette har vi trent ein del på, og det var kjekt å sjå det praktisert i kamp. Særleg sidan vi hadde hatt åtte cornarar på kort tid, seier trenaren.

Kampen enda 2-1 (1-1).

Fleire store sjansar
I andre omgang kom Espen Valvik innpå. Valvik er saman med Eidsvik sisteårs junior, men blei operert i kneet i vinter, og er nyleg kome tilbake.

Valvik er trygg og god med ballen, og skapte mykje, anten åleine, saman med kantane eller med Eidsvik. Når han får justert siktet, og blitt litt meir frampå på returar, spår vi mange nettkjenningar.

Også Ørjan Hellesøy, som kom innpå i for første gong i går etter å ha vore lenge ute med skade, gjorde det skarpt. Med stor fart kom han seg til fin avslutting eit par gongar, og den eine enda i stolpen.

Desse spelte frå start: Even Bjoarvik, John Ole Johannessen, Kristoffer Sande, Børge Borgen, Stian Dale, Stian Bakke, Joachim Bjørnevik, Espen Kopperud, Tor Erik Berge, Martin Eidsvik og Daniel Vevatne.

Også Kjartan Svendsen, Martin Borgen, Stian Helland, Espen Valvik og Ørjan Hellesøy fekk spela.

Med 9 poeng klatra Os til 6. plass på tabellen. Neste kamp, siste før sommarferien, går på bortebane mot serieleiar Fana neste tysdag.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.