Fotball | 20. mai 2012

Slo Laksevåg 6-1

Lysekloster toppar tabellen med begge lag. No ventar toppkamp på heimebane for A-laget og snart er det derby mot Nore Neset for andrelaget, som har heimekamp i dag.

Slo Laksevåg 6-1
Ei av Christoffer Robin Larsen sine to skåringer mot Laksevåg i går. (Foto: Lysekloster IL)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 20. mai 2012 09:15

Etter tap i debuten i 4. divisjon har det berre gått éin veg for Lysekloster. Dei starta med 3-2-tap for Lyngbø på bortebane, men har no vunne 6 kampar på rad.

I 5. runde overtok dei toppen av tabellen i 4. divisjon avdeling 2, i går spelte dei 7. runde borte mot Laksevåg.

Laksevåg - Lysekloster 1-6 (1-4)

Målskårarar, Lysekloster: Baste Jonassen 2, Christoffer Robin Larsen 2, Steffen Finsådal og sjølvmål.

Lysekloster: Ole Kristian Olsen, Baste Jonassen, Steffen Finsådal, Thomas Greipsland, Frode Bergum Hansen, Frode Buvik, Johannes Jordal, Christoffer Robin Larsen, Kim Krogsethagen, Torbjørn Birkelund og Daniel Gall.
Innbytarar med speletid: Espen Kopperud, Andreas Fosse, Magnus Sandvåg og Stefan Bernsen.

Telavåg på 2. plass slo i denne runden Dale på 3. plass 5-1. Telavåg har spelt uavgjort mot Gneist (1-1), som Lysekloster slo 7-1 og tapt for Frøya (4-2) som Lysekloster slo 4-2.

Lysekloster møter Dale på 3. plass i neste kamp, som går på heimebane førstkomande fredag klokka 19.

Derby i 6. divisjon

Os 2 speler heime mot Rosendal i 5. divisjon i dag (kl 14). Lyskloster 2 speler heime mot Minde søndag (kl 18). Lysekloster 2 er i avdeling med Nore Neset, som ligg på 5. plass etter 3-3 mot Viggo i går.

Viggo ligg på 2. plass framfor Mann på 3. plass. Nore Neset slo Mann 9-2 tidlegare i år.

Nore Neset sin neste kamp går heime mot Lysekloster 2 laurdag 2. juni (kl 13).

I naboavdlinga speler blant anna Søfteland, som har 3 sigrar og 1 tap på dei første 4 rundane. Med full pott i neste kamp, som går på heimebane mot serieleiar Fotlandsvåg fredag 1. juni (kl 19) klatrar dei til 3. plass.

Søre Neset mot Fusa

Søre Neset, som speler i avdeling med Os 2 i 5. divisjon, starta sesongen med to tap, men så blei det siger og uavgjort i dei to neste.

Måndag kveld (kl 19) tar Søre Neset imot Fusa, som har 2 sigrar, 2 uavgjorte og 1 tap så langt i år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.