Isak Røen sette inn 3 mål då Os 3 vann 4-0 over Løv-Ham. (Arkivfoto: KVB)

Slo Løv-Ham med hattrick av Isak Røen

Her er resultata frå 5. og 7. divisjon denne helga. Søndag er det lokaloppgjer!

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Nyoppretta Os 3 gjer god figur i 7. divisjon og ligg 5 poeng bak førsteplass med éin kamp mindre spelt enn serieleiar Follese 2.

Laurdag slo dei Løv-Ham 4-0 på bortebane. Isak Røen står oppført med tre skåringar i løpet av dei første åtte minutta, men kamprapporten stemmer visst ikkje heilt. Røen sette inn to kjappe før Baste Træen auka til 3-0 før pause. Så la Røen på til 4-0 tidleg i 2. omgang.

Os 3 har skåra mest i avdelinga med 62 mål på 12 kampar. (Fire mål i Løv-Ham-kampen var med andre ord under snittet).

Derby på Kuventræ søndag

Nore Neset 2 speler i same avdeling og står med 13 poeng på 13 kampar. Laurdag tapte dei 2-4 for Lyngbø 3.

Førstkomande søndag er det derby på Kuventræ.

Lokaloppgjeret på Nore Neset i vår enda med at gjestane snudde kampen og vann 4-5 etter straffe i sluttminutta.

Sjå bildeserie frå førre derby i 7 . divisjon.

Søfteland held fram med å vinna

Laurdag spelte Søfteland heime mot Løvstakken, som ligg på 2. plass på tabellen for 5. div avd. 2.

Søfteland tok sin fjerde siger på rad då dei vann 4-2 (mål av Preben Borgen x 2, Ramo Racic og Eirik Johnsen, ifølgje kamprapporten).

Søfteland ligg på 3. plass når dei no har seks kampar igjen i ny divisjon.

Nore Neset rykte òg opp til 5. divisjon i fjor og speler i naboavdelinga til Søfteland.

I helga tapte dei knepent 6-5 borte for Smørås 2.

Nore Neset ligg på 5. plass etter 17 rundar.

 

 

Fleire saker