Lokal | 11. sep. 2012

Slo med veska og naska

Drama på Amfi Os måndag dei ei dame slo ei anna med handveska. To jenter tatt for nasking i klesbutikk.

Slo med veska og naska
To gonger måtte patrulja frå Os lensmannskontor ta turen til Amfi Os måndag (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretysdag 11. sep. 2012 13:42

Patrulja frå Os lensmannskontor måtte ta turen to gonger oppom Amfi Os måndag.

- Første gong var omlag ti over tre då vi fekk melding om at ei dame hadde slege ei anna dame i anletet med ei handveske.

- Vi traff ikkje på ho som slo, men veit identiteten hennar, fortel politibetjent Rune Fimreite.

Det var fleire vitne til episoda. Kvinna som blei slått vil anmelda saken i løpet av tysdagen.

To jenter tatt

I 1730-tida blei patrulja på nytt beden om å ta turen til senteret.

- Det var to 15 år gamle jenter som hadde naska varar frå ein av klesbutikkane på senteret.

- Då dei blei stoppa av dei tilsette blei det litt fram og tilbake i høve til legitimasjon og vi blei bedt om å bistå.

Etterkvart tok jentene til fornuft og legitimerte seg for patrulja.

- Dei føresette blei kontakta og kom for å hente jentene, seier Fimreite.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.