Klokka 03.00 natt til søndag fekk politiet melding om slåstkamp i Os sentrum.
– Den eine parten er i 20-åra, den andre i 40-åra. Dei skal ha hatt ein krangel som utvikla seg før den yngste slo den eldste, fortel politiet.
Eit vitne fortel til Midtsiden at mannen som slo var ein austeuropear, og at han hoppa på elva etterpå, då vaktane ved ein av utestadane ville konfrontera han etter slåstingen. Vaktane fekk vedkomande opp frå elva.
Den eldste var reist til legevakt før patruljen kom til staden.
– Fornærma er ikkje alvorleg skadd, men vil melda mannen i 20-åra for kroppskrenking, opplyser politiet.
Yppa til kamp mens politiet såg på
Litt seinare på natta, også det i sentrum, var det to andre menn som barka saman.
– Det var klokka 03.50. To menn, begge i 30-åra, byrja å slåst. Kampen slutta raskt, men vi melder begge for å uroa offentleg ro og orden.
Begge fekk pålegg om å fjerna seg frå Os sentrum, noko dei etterkom.
Par bortvist, morgon og kveld
Namnet til ein mann i 40-åra og ei kvinne i 30-åra hamna på blokka to gongar i løpet av laurdagen.
– Dei blei bortvist frå ulike stadar. Første gong varklokka 9.30, på ei adresse dei i utgangspunktet var velkomen, men der det utvikla seg så vi måtte visa dei vekk.
– Andre gong var i 22-tida, på ein offentleg stad, men ikkje ein utestad, der dei igjen blei bortvist.