Sport | 26. mai 2009

Slo Nordre Fjell

Søre Neset blei i helga første lag som til no har tatt poeng frå Nordre Fjell.

Slo Nordre Fjell
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. mai 2009 10:54

Etter eit kjedeleg 0-1-tap heime for Baune 2, ein kamp der Søre Neset ifølgje trenarane hadde flest og størst sjansar, kom det seg i bortekampen på himmelspretten.

- Sidan eg og Bjarte var vekke, leia Torbjørn Hjelle laget. Torbjørn er ikkje tilbake etter nasebrotet enno, men gjorde ein god jobb frå sidelinja, seier Frank Haugland.

Tok leiinga
Søre Neset tok leiinga tidleg i kampen. Ein innøvd cornermanøver sat som den skulle, og Ørjan Bakke stanga inn 1-0 på bortebane mot laget som hadde siger i fem av fem kampar før møtet med sørenesingane.

- Heimelaget utlikna fem minutt seinare. Men bortetaktikken vår held fram med å fungera, så i mot slutten av kampen var det vår tur igjen.

Kjetil Henriksen sto på rundt 19 meter avstand då han vendte av ein spelar og sette ballen kontant inn. Søre Neset vann 2-1.

Tøff motstand fredag
Neste kamp er på heimebane, førstkomande fredag mot Skjergard klokka 19.00.

- Skjergard ligg likt med Baune 2 og Solid med 16 poeng på seks kampar. Vi skal nok få slita med å ta poeng fredag, men det er godt å bli ferdig med den tøffaste motsnaden tidleg i sesongen, seier Haugland.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.