Lokal | 21. mars 2017

Slo «politisk» mynt om styreplass

Ordføraren kasta krone og mynt for å hjelpa opposisjonen med å velja representant i prosjektstyret for Lyseparken.

Slo «politisk» mynt om styreplass
Ordførar Marie Bruarøy (H) med mynten som landa Nils-Anders Nøttseter (MDG, med ryggen til kamera) sin veg (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 21. mars 2017 11:17

Det blei ein litt merkeleg prosess då formannskapet skulle utnemna politiske representantar til prosjektstyret for Lyseparken.

Høgre og Frp var samde om at ordførar og varaordførar skulle vera posisjonen sin representant. Verre var det for opposisjonspartia, som ikkje hadde klart å koma med forslag.

– Opposisjonen har ikkje klart å bli einige, trass fleire lange møter. Vi har to gode kandidatar som har veldig lyst til å vera med, men har dessverre ikkje kome til einigheit. Ap fremjar difor Tone Hepsøe som kandidat, fortalde Helge Steinum (Ap).

– Dette er kanskje ein av dei meir pinlege sidene. Det er ikkje alltid lett å bli einige. Vi andre fem partia ønskjer å fremja Nils-Anders Nøttseter (MDG) som kandidat, supplerte Jon Sivert Rykkel (V).

Ville ikkje velja

Gustav Bahus (Frp) blei reint sett ut av opposisjonen si usemje.

– Det må jo gå an å bli einige. Eg synes ein skal setja seg saman på eit gruppemøte og at ein prøver å koma til semje.

– Eg trur ikkje vi i posisjonen har lyst til å velja mellom ein av dei to.

Slo krone og mynt

Innlegget til Bahus resulterte i at ordførar Marie Bruarøy (H) lyste til gruppemøter. På veg ut i gangen blei partia samde om å slå krone og mynt om kven av dei to som skulle bli oposisjonen sin kandidat.

Bruarøy vippa mynten og valet fall ned på Nøttseter.

Tilbake i møtet kom Bruarøy med konklusjonen.

– Eg synest det er litt synd at opposisjonen ikkje klarer å bli einige når ein har hatt fleire møter, og det endar med at ein må gå på gangen og slå kron og mynt.

– Det er to gode kandidatar og eigentleg eit luksusproblem, men eg tolkar det no som om at Ap trekk sin kandidat og at Nils-Anders Nøttseter er eit omforent framlegg frå opposisjonen, oppsummerte ordføraren, til samtykkande nikk frå dei politiske motstanderane.

Tre eksterne representantar

Etter det blei ordførar vald som leiar av prosjektstyret med vararordførar og Nils-Anders Nøtteseter som dei øvrige politiske representantane i styret.

Styret skal i tillegg supplerast med tre eksterne representantar som ordføraren fekk fullmakt til å oppnemna.

– Burde det ikkje vore formannskapet som gjorde dette, undra Helge Steinum.

– Nei, men gruppeleiarane vil bli bedne om å koma med forslag, og desse skal absolutt ikkje prioriterast politisk. Eg kjem ikkje til å ta dette på eiga hand, men vil konferera med fleire av dykk, sa Bruarøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.