Slo Smørås på Kuventræ
Os tok imot opprykkslaget frå 5. divisjon 2018 til trening på ny-tint heimebane.
Bildeserie:
Etter 0-2-tap i eit jamt oppgjer med Fana i første treningskamp tok Os i dag imot Smørås til treningskamp på Kuventræ.
Smørås rykte opp til 4. divisjon etter å ha vunne ei av Os 2 sine naboavdelingar i 5. divisjon i fjor.
Os - Smørås 3-0 (1-0)
Målskårarar: Mats Cato Moldskred, Rune Mo og Frode Storebø
Moldskred gav Os leiinga rundt ti minutt etter start. Mo skåra sitt første for Os på straffe etter at Anders Havsgård blei felt ute på sida av 16-meteren, mens Storebø retta opp eit sleivspark på første touch med ein vellykka chip over keeper inn til 3-0.
– Vi svinger i prestasjonar, men har greit overtak får i periodar til spelet vi ønskjer, seier Os-trenar Endre Brenne.
Os måtte klara seg utan blant andre Rafael Villén, Marius Mikkelsen, Alexander Dale, Vegard Strønen Skeie, Øystein Takle Eide og Kristoffer Røttingen i dag.
Dei stilte med følgande lag frå start: Chris Sunde Midtun - Anders Havsgård, Warhel Suleman, Jonas Hovland, Harry Moore - Rune Mo, Steffen Kvamsdal, Alexander Tøssebro - Mats Cato Moldskred, Fabian Bødtker og Sander Kvittingen.
Torgeir Lunde kom innpå for ein skadd Tøssebro før pause. I andre omgang kom desse innpå: Henrik Tysse Sperrevik, Frode Storebø og Trym Hjørnevik.
Smørås, som skåra 103 mål i serien i fjor, klarte ikkje å skåra på Os. Dei var heller ikkje ufarlege, men Os blei eit hakk for kvasse. Det siste kvarteret var det mykje spel mot Smørås sitt mål, med gode forsøk av unge Sperrevik på å tre spissane gjennom, fine innlegg frå kantane og fleire cornerar. Men Os måtte nøya seg med tre nettkjenningar i dag, deira tre første mål for vinteren.
Neste treningskamp blir borte mot Fyllingsdalen om ei veke.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.