midtsiden

Slo Start i cupen!

Etter ekstraomgangar og 30 straffespark stakk Løv-Ham av med sigeren i 3. NM-runde. Osingen Mats Cato Moldskred spelte, men missa på straffe.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

- Eg føler med komfortabel med å ta straffe, og var skråsikker i det eg gjekk fram. Kanskje litt for sikker, seier Mats Cato Moldskred om straffedramaet i Kristiansand torsdag kveld.

Heimelaget leia 2-0, men løvene utlikna. Med strafferedning på overtid gjekk det til ekstraomgangar, og det måtte heile 15 straffespark til før den tre timar lange kampen var over. 1. divisjonsklubben Løv-Ham detonerte med det ei lita bombe mot eliteserielaget Start.

- Eg var einaste på vårt lag som bomma, var nok litt kjekk i stilen. Skotet var hardt, til høgre for keeper, men ikkje godt nok plassert. Men det betyr ingenting no, eg fekk bra med speletid og vi vann!

Moldskred er imponert over lagkamerat Fredrik Haugen.

- Han må vera den kaldaste 17-åringen i landet. Det var eigentleg ikkje hans tur til å ta straffe, men då det blei slik at det var sjanse for å bli matchvinnar og dagens helt så bad han om å få ta det. Keeper gjekk feil veg og han plasserte godt i andre sida av mål, fortel Moldskred.

No håpar han på Brann på Stadion eller Alta på heimebane i 4. runde.

Fleire saker