midtsiden

Slo til igjen

Med imonerande score på våt bane stakk Øystein Engevik av med sigeren i den lokale klubbmeisterskapen i golf.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Øystein Engevik har stukke av med gull i klubbmeisterskapen fleire gongar før, og det var ikkje overraskande at den ferske sølvvinnaren i NM skulle vinna på Hauge også i år.

- Det som imponerer er at han vinn med score +1 etter to rundar. Hadde vi hatt tørr bane denne helga så kunne vi registrert dette som ny banerekord, seier dagleg leiar ved Bjørnefjorden Golfklubb, Erik Just Olsen.

SJÅ FLEIRE BILDE UNDER RESULTATLISTA NEDERST I ARTIKKELEN.

Cecilie vann dameklassen
Som fleire gongar før vann Øystein framfor Sverre Marceilus (+8). 17-åringen Alexander Heggland er blant fleire talentfulle ungdomar i klubben, og han stakk av med 3. plassen (+18).

I dameklassen var det andre unge talent i toppen, Cecilie Langeland Olsen (med score +39 etter 2 rundar) vann framfor Nathalie Christin Engeseth (+45) og Mia Helen Hansen Hjelle (+51).

- Har aldri vore betre
Engevik, som blant anna har vore på landslaget, trappa ned golfspelinga då skulen han kom inn på i USA, eit golf-college, blei for dyr.

- I staden blei det bachelor i økonomi og administrasjon i Stavanger og master på NHH, som eg blei ferdig med i juni, fortel Øystein.

I fjor byrja han å konkurrera litt igjen, og sjølv om han trenar mykje mindre enn før er han i storform.

- Det burde eigentleg ikkje gått an, men eg har faktisk aldri vore betre enn eg er no. Kanskje det er fordi eg ikkje føler det same presset under turneringar som før, no har eg det berre gøy når eg spelar.

Golf som jobb?
Økonomen Engevik er ferdi med skule og jobbar i fast vikariat som rådgjevar hos Sparebanken Vest. Han fortel at han er på jakt etter fast jobb.

- Kva med golf?

- Skal du leva av golf må du kvalifisera deg til større europeiske meisterskap, og gjera det skarp der. Det held ikkje å vinna i Noreg, ikkje om du så vinn det som er.

Han meiner sjølv at han førebels ikkje er god nok til å hevda seg i større internasjonale meisterskap. Men så trener han også mykje mindre enn før, og bør ha meir inne.

- Potensialet er kanskje der, men det krev knallhard satsing, også økonomisk. Eg har draumar og mål, men ingen konkrete planar enno, seier Øystein.

Neste helg spelar han med fleire osingar nest siste Golf Tour Hordaland. Denne går på Herdla medan den siste går på Bjørnefjorden Golfklubb 19. til 20. september.

RESULTAT FRÅ KLUBBMEISTERSKAPEN 2009

DAMER (Runde 1, runde 2 og totalt)
1    OLSEN, Cecilie Langeland         85    90   +39
2    ENGESETH, Nathalie Christin      91    90   +45
3    HJELLE, Mia Helen Hansen        99    88   +51
4    GÅSSAND, Kari Henrikke Myhre  95    95   +54
5    GUTTORMSEN, Therese           128  116 +108

HERRAR (Runde 1, runde 2 og totalt)
01    ENGEVIK, Øystein                    67    70    +1
02    MARCELIUS, Sverre Østervold   69    75    +8
03    HEGGLAND, Alexander              79    75    +18
04    ENGELSEN, Gjermund               79    78    +21
05    GRASDAL, Anders                    77    84    +25
06    HJELLE, Frode                         81    81    +26
07    OLSEN, Bengt Tore                  80    83    +27
T8    OLDERVOLL, Ole Petter            84    80    +28
T8    HODNELAND, Eivind                  82    82    +28
T10   LUND, Petter                         88    77    +29
T10   ALVSAKER, Thomas Lothe       86    79    +29
T10   ARNTZEN, John                      83    82    +29
13    SAMUELSSON, Torbjørn Evert     87    79    +30
T14   MARCELIUS, Svein Arne          86    81    +31
T14   SKAGE, Harry                         81    86    +31
16    OLSEN, Erik Just                      87    81    +32
17    RØD, Arne Håkon                    85    84    +33
18    NÆSS, Øystein Vallestad           85    86    +35
19    ASKVIK, Trond Aase                 87    85    +36
20    TOTLAND, Arne Karsten             83    90    +37
T21  OLSEN, Atle                             86    88    +38
T21  GUDDAL, Geir                          82    92    +38
23    LYGRE, Nils Kristian                  86    94    +44
24    HJELLE, Jan Norvald                  90    92    +46
T25  SØREIDE, Thomas M.                91    94    +49
T25  ENGELSEN, Anders                     86    99    +49
27    FÆRØY, Tord                           88    100    +52
28    STØLSNES, Steinar                    91    98    +53

Fleire saker