Sport | 30. sep. 2009

Slo toppa Brann 2

Eit svekka Austevoll slo eit Brann 2-lag med heile ni A-spelarar i toppkampen i naboavdelinga til Os.

Slo toppa Brann 2
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. sep. 2009 08:24

Austevoll - Brann 2: 2-1 (1-0)

Austevoll tok i går leiinga i 3. divisjon avdeling 14, med eitt poeng framfor Brann 2. Begge lag har tre kampar igjen å spela før det er avgjort kven som møter Os 24. og 31. oktober i kamp om opprykk til 2. divisjon.

SJÅ TABELL

I fjor var Austevoll nær på å slå Brann ut av cupen. I år har dei tatt seks poeng frå andrelaget. Og det var ikkje kva som helst andrelag dei møtte i går.

Brann 2 hadde nemleg med seg heile kvoten på 7 A-lagsspelarar, i tillegg til juniorane frå A-stallen, Bjarte Haugsdal og Mathias Møvik. Ungdomane fekk med seg elitespelarane Diego Guastavino, David Nielsen, Birkir Sævarsson, Cato Guntveit, Gylfi Einarsson, Johan Thorbjørnsen og Kristian Flittie Onstad,

- Då eg såg kva spelarar dei stilte med, forsto eg at dette kunne bli vanskeleg. Men med spelarane fokuserte eg på korleis vi skulle ta tre poeng, og det klarte vi igjen, seier Austevoll-trenar Øyvind Pedersen til Midtsiden.no.

- I tillegg var vi svekka. Vår beste spelar denne sesongen, Inge André Rabben, fekk ei dotter i går, og var derfor på sjukehuset, ikkje på banen.

Tett mellom lagdelane
I møte med mange gode og offensive motspelarar bestemte austevollingane seg for å halda lagdelane tett. Etter at Pedersen overtok som trenar før 2008-sesongen har dei dessutan fokusert på å utvikla eit godt forsvar, og å vera farlege på overgangar.

- Austevoll har alltid vore flinke til å skåra mål. At vi har blitt betre i forsvar er nok ein viktig del av suksessen vi har hatt i år, seier Pedersen.

I første omgang talte han 5-0 i sjansar til eige lag. Heimelaget leia 1-0 til pause og starta andre omgang bra.

- Men så opna vi oss litt mellom midtbaneleddet og forsvaret, og då utlikna dei. Etter utlikninga i 75. minutt la dei seg bak, men vi lukkast heldigvis med eit godt angrep fire minutt etterpå.

- Den siste perioden av kampen blei det slått mykje langt, og gjestane vann nokre hovudduellar og kom til gode skot i stang og tverrliggar. Men alt i alt tok vi ein fortent siger over kanskje det beste andrelaget Brann nokosinne har stilt med.

Spent på innspurten
Austevoll har aldri spelt i 2. divisjon, men er no ganske nær.

- Laget består utelukkande av austevollingar, om vi reknar med inngift austevolling Trond Heggestad. Og desse har alltid vore gode offensivt.

I dei tre siste kampane møter dei Baune, Hald og Arna-Bjørnar.

- Vi håpar Hald får nok poeng til at dei ikkje må kjempa med ryggen mot veggen mot oss. I så fall møter vi tre lag som ikkje har noko spesielt å kjempa for. I tillegg håpar vi det regnar mykje, så vi får flytta kampen til kunstgras. Då får vi ein fordel, meiner Pedersen.

Brann 2 møter desse laga i dei tre siste kampane: Arna-Bjørnar, Follese og Askøy.

- Godt organisert
Os-trenar Frank Hellevik var på Austevoll i går, og fekk sjå begge dei potensielle motstandarane til kvalifiseringskampane på ein gong.

- Det var to gode lag so spelte mot kvarandre i går. Austevoll var veldig bra bakover, godt organisert og hadde stor fart i laget sitt, meiner Hellevik.

- Dei hadde også nokre enkeltspelarar av høg klasse, legg han til.

- Korleis vurderer du Os sin sjanse mot desse motstandarane?

- Uansett kven det blir så blir det nok krig. Eg føler ikkje at vi har tapt på førehand sjølv om dei imponerte stort i går.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.