Fotball | 17. nov. 2019

Slo Tyskland i prøve-EM

Ole Martin L. Kolskogen spelte frå start og heile kampen.

Slo Tyskland i prøve-EM
Laget som starta mot Tyskland. Kolskogen nr 14 på bakre rekke. (Foto: Øyvind Evjen, NFF)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 17. nov. 2019 08:30

Etter to sigrar og ein uavgjort i EM-kvalifiseringa i Tsjekkia i oktober, er Noreg G18 kvalifisert til mellomspel om plass i sluttspelet i EM i Nord-Irland i 2020.

52 nasjonar deltok i EM-kvalifiseringa. Desse var delte i 13 grupper, kvar gruppe med 4 lag.

Dei to beste i kvar gruppe, i tillegg til den beste tredjeplassen, kvalifiserer seg til mellomspel i eliterunden i mars. Der blir det sju grupper, der den beste i kvar gruppe kvalifiserer seg til EM i Nord-Irland i 2020.

Har vunne dei to første i prøve-EM

Mellomspelet går til våren, men denne veka er det prøve-EM i Nord-Irland.

Åsane-spelar Ole Martin Lekven Kolskogen frå Os sto over første kamp, der Noreg slo vertsnasjonen 3-0, men spelte frå start og heile kampen mot Tyskland fredag.

Tyskland tok leiinga i 6. minutt, Noreg reduserte ved Noah Jean Holm i 43. minutt.

Stillinga sto seg til Holm blei matchvinnar på overtid.

– Vi er gode i første omgang. Då dominerer vi og har ballen mest, vi skaper mykje og har roen sjølv om Tyskland skårer på eit langskot. Vi får ei fortjent utlikning og burde klart å ta leiinga før pause, seier landslagstrenar Pål Arne «Paco» Johansen til fotball.no.

Andre omgang blei tøffare, men Paco seier han er nøgd med fasongen på forsvarsspelet. Midtstoppar Kolskogen spelte heile kampen, og fekk eit gult kort i 86. minutt.

Neste og siste motstander i prøve-EM er Portugal måndag kveld.

Kjempar om opprykk med Åsane

Kolskogen har òg hatt ein god sesong med Åsane i 2. divisjon avdeling 2, der han har spelt 22 kampar til no i år, saman med blant andre sambygding Simen Helland Lassen (26 kampar).

Laget landa på 2. plass og er no i kvalifisering om opprykk og comeback til OBOS-ligaen.

Tidlegare i november slo dei Kvik-Halden, som landa på 2. plass i avdeling 1. Åsane vann 1-2 borte og 2-0 heime.

No står to kampar mot Notodden for tur. Notodden landa på 14. plass av 16 lag i OBOS-ligaen, og tar imot Åsane torsdag. Søndag blir det avgjort på Åsane sin heimebane.

Terminliste for kvalifiseringa

Stjørdals-Blink vann avdeling 1 og rykker direkte opp til OBOS, og Grorud vann avdeling 2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.